Dette blir siste operasjonsdag i Lærdal: – Det har vore ein lang veg hit
Plus
Datoen er sett.
Sidan styrevedtaket den 29. januar, har ei prosjektgruppe med leiarar, tillitsvalde og verneteneste i Helse Førde arbeidd med den praktiske gjennomføringa av vedtaket.
No er det klart at 29. mai markerer den siste operasjonsdagen for ortopedisk seksjon i Lærdal. Det kjem fram i ei pressemelding frå Helse Førde onsdag kveld.
– Det har vore ein lang veg hit. Dette er ei stor omstilling, spesielt for dei tilsette i Lærdal, men også ved sentralsjukehuset der ein skal ta i mot operasjonsaktiviteten. Eg må igjen rosa dei tilsette i Lærdal og heile Helse Førde for at dei heile tida har sett pasientane i høgsetet i denne prosessen, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, i pressemeldinga.
Det betyr at all ortopedisk aktivitet blir samla i Førde frå 1. juni.
Vidare drift av skadepoliklinikkar
I februar vedtok Stortinget at regjeringa skal sikra vidareføring av skadepoliklinikk i Lærdal og Nordfjord. I styremøtet i Helse Førde onsdag fekk styret presentert moglege løysingar.
Det blir arbeidd med eit tilbod om poliklinikk på dagtid med ortoped fem dagar i veka, både for planlagde konsultasjonar og øyeblikkeleg hjelp.
Helseføretaket er i tillegg i dialog med vertskommunane Lærdal og Stad om eit tilbod på kveldstid i samarbeid med legevakta.
– Me treng meir tid og dialog med vertskommunane våre før me kan leggja fram dei ferdige løysingane for skadepoliklinikkane våre, men me er i gang og er optimistiske med tanke på kva me kan få til saman, seier Varden.
Målet er å få på plass ei løysing for skadepoliklinikken i Lærdal frå 1. juni.
Tilsette i omstilling
Omstillingsarbeidet for dei tilsette i Lærdal har også vore i gang sidan kort tid etter styrevedtaket 29. januar
For leiarane er denne prosessen allereie ferdigstilt, og fokuset er no retta mot legane og spesialsjukepleiarane.
Helse Førde kartlegg no kva stillingar som skal vera igjen i Lærdal knytt til dei nye tilboda, og kva nye stillingar som må opprettast i Førde. Før påske er målet å ha gjennomført samtalar med alle tilsette som blir råka.
– Oppfølginga på ortopedi er godt i gang, me har eit omstillingsutval på HF-nivå, leia av underteikna, sa Varden i styremøtet.
I tillegg er det 18 deltakarar med i omstillingsgruppa på Lærdal sjukehus.
Stortingsvedtaket gjer at Helse Førde tapar millionar i innsparingar MDG-Marius ber regjeringa vurdera å etablera «nærsjukehus» – Ein svart dag for Sogn Frå stortingsdebatten: – Vil stemma for å oppretthalda skadepoliklinikken