Herold

Derfor har fleire opplevd jordsmak på vatnet

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-03-10 21:00:00
Derfor har fleire opplevd jordsmak på vatnet

Fleire innbyggjarar har påpeika at vatnet har smaka litt jord den siste tida. Det er det ingen grunn til å vera uroa for.

Fleire lesarar har tipsa Kvinnheringen om jordsmak på vatnet den siste tida. Søndag kveld vart det også ein diskusjon i sosial medium.

Difor tok vi kontakt med einingsleiar Egil Eide for vatn og avløp i Kvinnherad kommune for å høyra kvifor enkelte hadde litt jordsmak på vatnet sitt.

– Grunnen er eit vêromslag. Vi hadde ein lang periode med kaldt og tørt vêr, og store mengder med is i elva. Då vi fekk ein brå overgang med mildvêr og nedbør, så smelta dette fort og sette litt smak på vatnet. Det er ikkje uvanleg at det skjer når ein har ein så lang kald og tørr periode, men det er ikkje farleg, fortel Eide.

Dei har teke fleire prøvar av vatnet den siste perioden.

– Vi har følgt det tett med fleire prøvar. Den siste prøven tok vi i helga som var, og alt er heilt fint, forklarer Eide.

Han fortel vidare at det er i ferd med å normalisera seg.

– Det vil forsvinna sakte, men sikkert. I dag kjenner eg ingenting på vatnet vi har her på Husnes vassverk, seier han.

🏷️ Extracted Entities (3)

Egil Eide (person) Husnes (place) Kvinnherad (entity)