Herold

Tilsett som rektor: – Det er elevane som er motivasjonen

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Jonn Karl Sætre Published: 2026-03-11 13:41:00
Tilsett som rektor: – Det er elevane som er motivasjonen

Iselinn Røen Gilje (37) går frå å vera konstituert til å vera tilsett som rektor ved Halsnøy Skule.

Gilje takka ja til jobben tysdag 10. mars. Dagen etter fekk Kvinnheringen ein kort prat med henne i ein pause i rektorstudiet ho tar ved sidan av jobben, eit opplegg som krev at ho av og til er på skulebenken ved NHH i Bergen.

Iselinn Røen Gilje er frå Halsnøy, har mann og barn og er i utgangspunktet utdanna sosionom. I 2023 byrja ho å jobba ved Halsnøy skule som miljøterapeut medan ho parallelt tok lærarutdanning. Seinare vart ho avdelingsleiar, og då førre rektor slutta gjekk Gilje inn som konstituert rektor ved starten av skuleåret 2025/2026. Ho er om lag halvvegs i rektorstudiet som ho byrja på i august i fjor og har litt over eitt år igjen.

– Litt av ein lynkarriere! Kvifor vil du vera rektor ved Halsnøy skule – kva er motivasjonen?

– Det er elevane. For meg er det veldig viktig at elevane opplever å høyra til – at skulen skal vera ein plass der dei kjenner seg sett, blir tatt på alvor, kjenner meistring og utvikling, og at dei har det trygt og godt i skulemiljøet.

Med tanke på eit par heite tema dei siste åra – smartelefonfri barndom og skjerm i skulen – har Gilje klare tankar:

– Eg har eit veldig godt samarbeid med FAU og synest me har gode refleksjonar om dette i lag. I den samanhengen har me blant anna snakka om iPad-ane som læringsbrett og at dei kun skal brukast som det. I så måte er eg veldig glad for å ha eit engasjert FAU inn i dette med skjerm.

– Korleis har tida som konstituert rektor vore?

– Det har vore travelt og givande. Eg finn glede i å vera ein viktig person i laget rundt elevane, og det botnar i engasjementet eg har for dei. Det er viktig at ein går inn i ein slik jobb med dei rette intensjonane, seier Gilje og legg til:

– Elles opplever eg at me har eit dyktig og engasjert personale ved Halsnøy skule, og eg ser fram til å halda fram arbeidet saman med dei i utviklinga av skulen vidare.

🏷️ Extracted Entities (5)

Halsnøy Skule (person) Iselinn Røen Gilje (person) FAU (entity) Bergen (entity) NHH (entity)