Herold

Inviterer til samling for fyrste gong: – Informasjonen og hjelpa ein kan få er viktig

Plus
Kilde: Hordaland Author: Ingeborg Haga Published: 2026-03-10 19:56:37
Inviterer til samling for fyrste gong: – Informasjonen og hjelpa ein kan få er viktig

Tysdag 17. mars inviterer Voss herad til ei eiga samling for pårørande i Voss kulturhus. Målet er å skapa ein møteplass for pårørande på Voss.

– Mange pårørande kan kjenna at dei står åleine i ein vanskeleg situasjon. Då er det viktig å vita at ein ikkje er åleine, og at det finst hjelp og støtte, fortel Aud-Marit Netteland, leiar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Samlinga er open for alle pårørande, uansett alder og uansett kven dei er pårørande til, anten det gjeld born, vaksne eller eldre.

Bakgrunnen for samlinga er eit auka fokus på og anerkjenning av pårørande som ein viktig ressurs, og å sikra naudsynt støtte for både brukarane og pårørande i tråd med pårørandestrategien til Voss herad.

– Det er mange som er pårørande

– Det er mange som er pårørande, og i ulike aldrar. Born kan også vera det. Nokre opplever det i korte periodar av livet, medan andre står i rolla i mange år, forklarer Netteland og legg til:

– Det å bli pårørande kan komma brått på, og kan opplevast som å gå inn i ukjent farvatn. Ein veit ikkje alltid kvar ein skal finna informasjon, kva rettar ein har, eller kva slags hjelp som finst.

Arrangørane ynskjer difor å synleggjera utfordringane og ressursane som fylgjer med det å vera pårørande.

– Eg sjølv har jo ei dotter med nedsett funksjonsevne, så for meg er det å vera pårørande eit livsprosjekt, fortel ho.

Fyrste gongen det vert arrangert

Voss herad arrangerer denne samlinga for fyrste gong. Målet er å etablera eit fast treffpunkt for pårørande i bygda.

– Me vil både sjå på pårørande som ein viktig ressurs, og samstundes leggja til rette for at dei sjølve kan få støtte. No startar me med ei samling, så får me sjå korleis vegen vert vidare, forklarer Netteland.

Samlinga er eit samarbeid mellom Heradet, Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og Eldrerådet.

– Informasjonen og hjelpa ein kan få er viktig for å klare å stå løpet ut som pårørande.

Gratis samling

Samlinga startar klokka 18:00 i Voss kulturhus tysdag 17. mars.

Programmet inneheld mellom anna ei personleg pårørandeforteljing og informasjon frå Frivilligsentralen om korleis pårørande kan delta og bidra.

Dei kommunale råda vil deretter oppsummera og presentera vegen vidare.

Pårørandesamlinga er gratis, men ein må ta ut billett på førehand. Billettane kan bli henta ut på nettsida til Voss kulturhus eller i kinoen sine opningstider.

Arrangørane håpar mange tek turen, og nyttar høvet til å treffa andre i same situasjon, og at ein saman kan byggja gode møteplassar for pårørande.

🏷️ Extracted Entities (6)

Voss (entity) Aud-Marit Netteland (organization) Eldrerådet (entity) Frivilligsentralen (entity) Heradet (entity) Rådet (entity)