Herold

Skule, verdiar og kjønnsdebatt – kva lærer barna våre eigentleg i skulen på Voss?

Plus
Kilde: Hordaland Author: Øystein Måkestad, heradsstyrerepresentant for Voss KrF, Voss. Published: 2026-03-11 09:54:28
Skule, verdiar og kjønnsdebatt – kva lærer barna våre eigentleg i skulen på Voss?

I skuledebatten på Voss snakkar vi mykje om struktur, skulekrinsar og økonomi. Men minst like viktig er kva barna våre faktisk lærer – og kva verdiar skulen byggjer på.

Meir enn skulestruktur

Skuledebatten handlar ofte om struktur, skulekrinsar og økonomi. Også i diskusjonen om barnehage- og skulestruktur på Voss står organisering og lokasjon i sentrum. Men vi snakkar for lite om det som kanskje er vel så viktig: kva barna våre faktisk lærer – og kva verdiar skulen byggjer på.

Verdigrunnlaget i samfunnet

I over tusen år har kristen tradisjon vore med på å forme norsk kultur, lovverk, barnehage og skule. Verdiar som menneskeverd, ansvar for kvarandre og nestekjærleik har røter i denne tradisjonen. Når religion og verdiforankring får mindre plass i samfunnet, må vi òg våge å stilla spørsmålet: Kva skal vere grunnlaget for felles moral og etikk i framtida?

Kjønnsdebatt i skulen

Dette vert tydeleg i den pågåande kjønnsdebatten i skulen. I fleire år har undervisningsopplegg frå Rosa kompetanse, ein del av Foreningen FRI, vore brukt i norske skular for å undervise om kjønns- og seksualitetsmangfald. Her blir det mellom anna formidla at det finst fleire en to kjønn, og at kjønn først og fremst handlar om identitet og kjensler.

Ei breiare fagleg forankring

Voss KrF og vårt moderparti ønskjer at undervisninga i større grad skal byggje på ei biologisk og kunnskapsbasert forståing av kjønn. Difor har ein foreslått å erstatte slike kurs med undervisning i offentleg regi med breiare fagleg forankring. Dette forslaget fekk ikkje fleirtal på Stortinget.

Respekt for alle menneske

Bekymringa handlar ikkje om manglande respekt for menneske som opplever kjønnsinkongruens. Alle menneske skal møtast med respekt. Samstundes har fleire fagstemmer åtvara mot undervisning som kan skape meir usikkerheit hos barn. Helsesjukepleiarar fleire stader i landet melder om aukande uro og fleire spørsmål om kjønn blant unge, særleg blant jenter.

Familiane midt i utfordringane

Når spørsmål om å vere «fødd i feil kropp» kjem tett innpå barn og unge, kan det òg skape spenningar i familiar. Foreldre kan oppleve krevjande situasjonar der dei både vil støtte barna sine og samtidig navigere i kompliserte spørsmål om identitet, utvikling og helse.

Meir dialog – færre merkelappar

Difor treng vi meir dialog – ikkje mindre. Vi må snakke meir saman om foreldreansvar, om korleis familiane våre fungerer, og om korleis vi best kan støtte barn som er usikre på seg sjølve. Kanskje treng vi ikkje fleire merkelappar, men større rom for å vere den ein er. Ei jente kan like traktorar og fotball, og ein gut kan leike med dokker i oppveksten – utan at det betyr at det er noko gale.

Valfridom i skulen

Denne debatten heng òg saman med spørsmålet om valfridom i skulen. Foreldre bør ha reell moglegheit til å velje eit læringsmiljø som samsvarar med dei verdiane og det menneskesynet dei ynskjer å gje vidare til barna sine. Mangfald i skulesektoren kan òg bidra til utvikling og kvalitet i heile skulen.

Innhald, verdiar og retning

Skulen formar ikkje berre kunnskap, men også haldningar og samfunn. Difor bør vi i skuledebatten på Voss ikkje berre diskutere struktur og bygg – men òg innhald, verdiar og retning, og gje moglegheit for ein privat skule.

Tillit til foreldra

Fritt skuleval handlar i botn og grunn om tillit til foreldre, respekt for ulike verdigrunnlag og om å sikre at barna våre får ei trygg og kunnskapsbasert opplæring.

Rådmannen fekk ikkje gjennomslag: – Me skal fylgja opp vedtaket lojalt

På halvparten av barneskulane vart elevar haldne heime i dag: – Problematisk

Heiste regnbogeflagget: – Inkludering og mangfald er noko ein må ha fokus på

Splitta folkevalde gjorde vedtak om regnboge-flagg på skulane: – Det kokar i salen

🏷️ Extracted Entities (4)

Voss KrF (organization) Foreningen FRI (organization) Rosa (entity) Stortinget (entity)