Vått og grått døger i vente: Har sendt ut to farevarsel
Plus
Torsdagen byr på ein del vêr.
Det er meldt om uvêr med vind og nedbør framover no. Voss ser likevel ut til å sleppa dei verste vindkasta. Det er sendt ut farevarsel for vind både nord og sør for Voss, i tillegg til i Bergensområdet.
– Voss ligg ikkje innafor vindkastvarselet, men vått vert det framleis, lovar vakthavande meteorolog, Ingrid Opheim Bækkelund.
Nedbøren startar på morgonen, og aukar i løpet av dagen.
– Det vert mest nedbør frå ettermiddagen og utover kvelden. Det vert eit vått og grått døger, med vind på kjøpet.
Per no er dei verste vindkasta her oppe meldt i 13-14-tida.
– Då kan det verta mellom 15 og 20 meter i sekundet. Det er alltids verst på fjellet, om nokon skulle tenkja at dette vert ein god dag å dra til fjells på, åtvarar Bækkelund.
Det er to farevarsel som samstundes gjeld for Voss: gult varsel for jord-, sørpe- og flaumskredfare og oransje varsel for snøskredfare.
Begge farevarsla gjeld også for fredagen.
– Det vert framleis litt vêr på fredag, men det er meldt litt mindre vind og regn, avsluttar meteorologen.
Vêrmelding Voss