Herold

Måtte innstille ferjesamband grunna vêret

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-03-11 06:16:04
Måtte innstille ferjesamband grunna vêret

Etter ein morgon med utfordringar med vêret, opnar Fjord1 for normal drift frå 09.20. Men passasjerar må framleis vente seg forseinkingar.

Rute 1140 Askvoll – Gjervik – Fure vart onsdag morgon innstilt inntil vidare på grunn av vêrforhold.

Det melde Fjord1 på sine sider.

Klokka 07:42 opplyste selskapet at ferja MF Nordfjord ville vurdere vêrforholda og eit eventuelt stopp i Gjervik på veg inn til Askvoll.

Kort tid etter kom ferjeselskapet med kontrabeskjed: MF Nordfjord kom først til å segle til Askvoll for å laste av. Deretter ville ferja forsøke på eit stopp i Gjervik dersom vêret opna for det. Dette var venta å vere rundt 09:15.

Siste melding frå Fjord1 kom 09.20: Då melde dei at det er normal drift på sambandet att. Passasjerar som nyttar sambandet må likevel rekne med forseinkingar i sambandet fram til 15.30 onsdag ettermiddag.

Forseinkingane er venta å vere om lag 10-15 minutt.

🏷️ Extracted Entities (4)

Askvoll (entity) Fjord1 (entity) Gjervik (place) MF Nordfjord (organization)