– Det er rart vi må høyre om det gjennom media
Plus
Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen undrar seg over Sunnfjord kommune sitt ønske om kutte i tilskota til organisasjonar dei finansierer i lag.
Måndag skreiv Firdaposten om at fellesfunksjonar som Krisensenteret, Alarmsentralen og Folkehelseavdelinga står på Sunnfjord kommune si spareliste, i samband med at dei skal kvitte seg med over 120 årsverk og spare 300 millionar kroner.
Sunnfjord kommune har sendt ut brev til styra i desse organisasjonane, samt ei rekkje andre, der dei bed om at kvar enkelt aktør ser på korleis kommunen sitt bidrag til drifta kan kuttast med ti prosent.
Dette vil dei ha vurdert, og dei ber om ei tilbakemelding innan 1. september i år.
– Kunne ha teke ein telefon
Det hadde ikkje Kinn-ordføraren høyrt noko om før han las det i Firdaposten. Og Solheim-Olsen innrømmer at han undrar seg.
– Ja, kva skal eg seie? Det kunne jo vore ein idé for den politiske leiinga i Sunnfjord kommune og teke ein telefon til naboar og samarbeidspartnarar og gitt oss eit varsel om kva som var på gang, seier ordføraren diplomatisk.
Solheim-Olsen seier han har full forståing for at i tronge tider må det sparast. Men det finst ulike måtar å spare på.
Kinn har ingen kuttplanar
– Her snakkar vi om gode, og for mange livsviktige tenestetilbod. I Kinn har vi også våre økonomiske utfordringar. Men vi har ikkje tenkt tanken at det er på desse områda, som vi finansierer i lag med gode naboar, at vi skal kutte og spare. Så må eg berre konstatere at Sunnfjord kommune ser annleis på det.
– Sunnfjord-ordførar Jenny Følling sa til Firdaposten måndag at ho trur ikkje eventuelle kutt frå deira side vil skape problem for andre deltakande kommunar, og at styra har godt av å sjå på kostnadane sine. Kva meiner du?
– Vel, eg kan svare med eit motspørsmål: Viss Sunnfjord kommune ikkje synest svara dei får frå styra er gode nok, og endar med å trekkje seg ut av denne typen samarbeid – kven sit då att med ekstrabyrden?
Sunnfjord kommune må spare. No ber dei Krisesenteret, Alarmsentralen og Folkehelseavdelinga om å få kutte i tilskota
Tips meg Svend Arne Vee