Herold

Stengjer fylkesveg 609

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-03-11 13:15:49
Stengjer fylkesveg 609

Vert stengd frå klokka 22.00 onsdag kveld.

Fv. 609 mellom Heilevang og Hestvika vert stengd onsdag kveld. Det melder Statens Vegvesen på si side over trafikkmeldingar.

Vegstenginga vil skje frå 22.00 onsdag kveld, og stengingstid er sett fram til fredag 13. mars klokka 08.00.

Trafikkoperatør Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen Vest fortel at årsaka til stenginga er preventiv, grunna mykje nedbør i vente.

– Dette er jo eit rasutsett strekke som ofte vert stengd preventivt, seier ho.

Det er også sendt ut gult farevarsel for jord-, sørpe- og flaumskredfare for Vestlandet og delar av Rogaland og Agder.

Firda oppdaterer saka.

🏷️ Extracted Entities (8)

Agder (entity) Heilevang (entity) Hestvika (entity) Marianne Hove (person) Rogaland (place) Statens Vegvesen (person) Vegtrafikksentralen Vest (organization) Vestlandet (entity)