Herold

Skredalarm stengde veg i Stryn – vart lurt av vinden

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2026-03-11 18:55:26
Skredalarm stengde veg i Stryn – vart lurt av vinden

Entreprenør fann ingen teikn til skred.

Likefør klokka 20.00 varsla Vegtrafikksentralen om mogleg skred på Fv 5724 Oldedalen mellom Sunde og Gytri i Sryn kommune.

Meldinga om skred kom via eit varslingsanlegg Statens vegvesen har, fortel trafikkoperatør Ronny Sleire.

– Det reagerer om det er bevegelse i fjella, seier han.

Han fortel at varslinga var på det mest alvorlege graden som betyr «skred til vegbane».

– Då stenger vegen av seg sjølv og entreprenør blir sendt ut, seier han.

Entreprenør har vore ute på standen, men det vart ikkje funne noko teikn til skred.

– Det er mykje vind i området, så vi reknar med det er småtre eller busk som har vore i bevelgesle og det er det alarmen har reagert på, seier Sleire.

Vegen er dermed open for fri ferdsel.

🏷️ Extracted Entities (9)

Stryn (entity) Ronny Sleire (person) Fv (entity) Gytri (entity) Oldedalen (entity) Sryn (entity) Statens (entity) Sunde (entity) Vegtrafikksentralen (entity)