Herold

Dette blir siste operasjonsdag i Lærdal

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2026-03-11 19:22:57
Dette blir siste operasjonsdag i Lærdal

Frå 1. juni blir all ortopedisk operasjonsaktivitet i Helse Førde blir samla ved sentralsjukehuset i Førde.

Det melder Helse Førde i ei pressemelding.

– Det har vore ein lang veg hit. Dette er ei stor omstilling, spesielt for dei tilsette i Lærdal, men også ved sentralsjukehuset der ein skal ta i mot operasjonsaktiviteten, seier administrerande direktør Arve Varden i meldinga.

Sidan styrevedtaket 29. januar har ei prosjektgruppe med leiarar, tillitsvalde og verneteneste arbeidd med å samle den ortopediske aktiviteten.

No har dei sett 29. mai som siste operasjonsdag i Lærdal.

Med eitt var alt håp ute for Silje Marit og kollegaene: – På grensa til useriøst

– Eg må igjen rose dei tilsette i Lærdal og heile Helse Førde for at dei heile tida har sett pasientane i høgsetet i denne prosessen, seier Varden.

Helseføretaket skal framleis ha ortopediske skadeklinikkar i Lærdal og på Nordfjordeid, men dette arbeidet held dei framleis i gang med å vidareutvikle.

– Vi treng meir tid og dialog med vertskommunane våre før vi kan legge fram dei ferdige løysingane for skadepoliklinikkane våre, men vi er i gang og er optimistiske med tanke på kva vi kan få til saman, seier Varden.

Målet er å få på plass ei løysing i Lærdal frå 1. juni. I Nordfjord er avtalen med vikarane som driftar skadepoliklinikken forlenga til 1. oktober. Planen er å vidareføre denne vikarstafetten, dersom det ikkje er mogleg å dekke behovet med ortopedar frå Førde.

Styret vedtok kutta i Lærdal og på Nordfjordeid

– Det er starten på ei demontering av sjukehuset

Fekk ikkje berga ortopedien: – Skuffa

Frå stortingsdebatten: – Vil stemme for å oppretthalde skadepoliklinikken

Helse Førde kan måtte kutte pasienttilbod

🏷️ Extracted Entities (6)

Lærdal (place) Helse Førde (person) Arve Varden (person) Nordfjordeid (entity) Nordfjord (place) Silje Marit (person)