Herold

Ikkje gjer som utvalet seier, Jens

Plus
Kilde: BA Author: SĂžlve Rydland Published: 2026-03-11 14:31:52
Ikkje gjer som utvalet seier, Jens

Sparebankane er det beste vernet me har mot sentralisering av norsk kapital. Derfor bĂžr Jens Stoltenberg la vera Ă„ endra ein modell som faktisk fungerer.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407

NÄr politiske endringar er sÄ kompliserte at nesten ingen forstÄr dei, mÄ ein vera pÄ vakt.

DÄ er det fare for at aviskommentatorar, som meg, ikkje gidd Ä setta seg inn i saka, og at maktfolk jattar i veg pÄ sitt eige kodesprÄk.

Av og tilkan ein mistenka at det med vilje vert snakka over hovudet pÄ folk.

Akkurat slik er det nÄr finansdepartementet vurderer Ä endra reglane for norske sparebankar. Sparebankar, ja, det er noko folk i Norge verkeleg bryr seg om.

Kvifor sparebankane er sÄ viktige for folk? Jo, fordi folk har tillit til sparebanken. Og fordi sparebankane kanskje er den viktigaste finansielle motmakta som finst her til lands.

Det heile starta pÄ 1800-talet:

  • FĂžrst ute var Christiania sparebank, som vart etablert i 1822.
  • Året etter, i 1823, vart Bergen sparebank etablert.
  • Utover pĂ„ 1800-talet fekk sĂ„ godt som alle norske kommunar ein eigen sparebank. Ein av dei var Fana sparebank, som vart etablert i 1878.

Tre bankar som representerer ytterpunkta i det norske sparebanklandskapet. Den fÞrste finst ikkje lenger, etter Ä ha vorte kjÞpt opp, den andre er i dag ein del av den stÞrste sparebanken i landet, medan den tredje framleis eksisterer som ein «liten» uavhengig bank.

Heile ideen bak desse bankane var at smÄsparar skulle kunna spara pÄ ein trygg mÄte, utan at nokon stakk av med fortenesta. Og at bedrifter, sÊrleg smÄbedrifter, skulle fÄ hjelp til investeringar.

Derfor vart det innfĂžrt eit viktig prinsipp. Nemleg at ingen skulle eiga sparebankane. Den eigarlause kapitalen er framleis ein sentral del av den norske sparebankmodellen.

Dersom du har mykje pengar, og gjerne skulle ha kjĂžpt opp alle sparebankane i landet, er dette ganske irriterande. Det finst ingen eigarar du kan kjĂžpa sparebanken av.

Derfor eksisterer framleis enkelte av dei norske sparebankane i si aller reinaste form. Fana sparebank er ein av desse.

Banken, som er eigd av alle og ingen, vert styrt av innskytarane, dei tilsette, og representantar for det bergenske samfunnet, og sit pÄ verdiar som er opparbeida gjennom 147 Är, og har spelt ei uvurderleg rolle i lokalsamfunnet.

I fjor opplevde banken sitt beste Är nokosinne og gav vekk 60 millionar kroner til allmennyttige formÄl. I tillegg betalte banken ut utbytte til kundane sine pÄ i alt 76 millionar kroner.

For Fana sparebank vil endringane sparebankutvalet har foreslÄtt ha relativt lite Ä seia.

Forslaga kan derimot fÄ langt stÞrre konsekvensar for den andre sparebanken med hovudkontor i Bergen, nemleg Sparebanken Norge. Ein bank som opererer i ein heilt annan vektklasse, og per dags dato vert rangert som den tredje stÞrste banken i landet.

Bergen sparebank valte nemleg ein heilt annan strategi enn Fana sparebank. I 1982 skifta banken namn til Sparebanken Vest etter Ä ha slÄtt seg saman med ei rekke andre lokale sparebankar. Seinare har utviklinga berre halde fram.

Grunna eit Ăžnske om Ă„ veksa og Ă„ fĂ„ tak i meir kapital valde banken Ă„ gĂ„ for ein hybridmodell, som ĂČg mange andre sparebankar har gĂ„tt for sidan slutten av 1980-talet, nemleg ved Ă„ tilby eigenkapitalbevis.

Eigenkapitalbevis delar mange kjenneteikn med aksjar, men gir ikkje den same kontrollen over selskapet som aksjeeigarar kan ha i eit aksjeselskap. Dei som eig eigenkapitalbevis kan nemleg aldri ha meir enn 40 prosent av stemmene ved ei generalforsamling. Det er altsÄ framleis den eigarlause kapitalen, gjennom innskytarar, tilsette og samfunnet som har fleirtalet i dei viktigaste organa i desse bankane.

Til gjengjeld ereigenkapitalbevisa hefta med mindre risiko enn aksjar. Eventuelle underskot i banken vert nemleg fĂžrst dekka av den eigarlause delen av banken, som i Sparebanken Norge sitt tilfelle er opparbeidd sidan 1823.

Eigenkapitalbevisa vert derfor sett pÄ som eit trygt og ettertrakta investeringsobjekt.

Ordninga har fungert etter intensjonen og har vore eit robust vern mot at norske sparebankar har vorte kjĂžpt opp.

Likevel foreslo det regjeringsoppnemnde sparebankutvalet i fjor, med stÞtte frÄ Finanstilsynet, at ordninga bÞr endrast, slik at risikoen vert likt fordelt mellom dei som eig eigenkapitalbevis og den oppsparte eigarlause kapitalen i sparebankane.

Det har fĂžrt til sterk uro i mange sparebankar og i Sparebankforeningen. Frykta er at eigenkapitalbevisa skal verta eit langt mindre gunstig investeringsobjekt, fordi risikoen vil auka.

Vidare vil det kunna fÞra til at etterspurnaden etter eigenkapitalbevis vil synka, og at det vert vanskelegare for sparebankane Ä veksa Ä fÄ tak i kapital.

NÄr bÄde Sparebankutvaletog Finanstilsynet pÄ same tid opnar for Ä gjera det enklare Ä omdanna sparebankane til aksjebankar, kan konsekvensen pÄ sikt vera at fleire bankar vel Ä gje opp sparebankmodellen.

Det har skjedd i ei rekke land. I Storbritannia er sparebanksektoren, som lenge var ein inspirasjon i Norge, sÄ godt som utradert. Det har gjort det langt vanskelegare for mindre bedrifter Ä fÄ reist kapital lokalt.

OgsÄ i Norge har sparebankar kasta inn handkledet. Den aller eldste sparebanken i landet, Christiania sparebank, hadde lenge ei ganske lik utvikling som Bergen sparebank. Gjennom fusjonar vart Sparebanken Nor etablert, ein bank som for ein mannsalder sidan hadde den same marknadsposisjonen som Sparebanken Norge har i dag.

Etter fleire mislykka forsÞk pÄ nye samanslÄingar med andre store sparebankgrupperingar, og ein fusjon med Gjensidige, gjekk Sparebanken Nor i 2002 vekk frÄ sparebankmodellen, og var omgjort til ein aksjebank.

Kort tid seinare vart banken slukt av den dominerande norske bankaktĂžren DNB.

Bakgrunnen for endringsforslaga frÄ Sparebankutvalet og Finanstilsynet er uro for at dagens sÊrreglar kanskje ikkje er i trÄd med krava til det europeiske banktilsynsorganet EBA.

Kjernen i argumentasjonen er at risikoen bÞr fordelast likt mellom dei som eig eigenkapitalbevis og den samfunnseigde delen av banken. Noko som altsÄ vil kunna svekka attraktiviteten til eigenkapitalbevisa. Ingen vil kjÞpa dÄrlege verdipapir.

Om ordninga faktisk er i strid med EU-reglane er omdiskutert. Sparbankforeningen hevdar, pÄ si side, at dagens modell er i trÄd med krava til EBA.

Dessverre har denne sÊrs viktige diskusjonen i stor grad vorte overdÞyvd av eit av sparebankutvalet sine andre forslag. Utvalet har nemleg, med stÞtte frÄ Finanstilsynet, foreslÄtt at sparebankane ikkje lenger skal kunna dela ut kundeutbytte i si noverande form.

Praksisen med kundeutbytte har nemleg enkelte problematiske sider. Kundeutbyttet gÄr nemleg av den same potten som elles kunne ha gÄtt til allmennyttige formÄl.

Medan bankkundane mÄ skatta av kundeutbyttet, inneber det same utbyttet ein skattefordel for bankane og dei som eig eigenkapitalbevis. NÄr det gjeld gÄver er det motsett. DÄ fÄr ikkje bankane den same skattefordelen, men mottakarane slepp Ä skatta.

Det gjer at bankane har skattemessige fordelar med Ä gje kundutbytte, sjÞlv om ein kunne fÄtt meir ut av pengane som gÄver til idrett, kultur og lokalsamfunn.

Dette er, i motsetnad til diskusjonen rundt eigenkapitalbevisa, ikkje ein diskusjon som pÄ nokon mÄte trugar sparebankane sin eksistens.

Derfor er det behov for at debatten i stÞrre grad handlar om vernet som sikrar sparebankane mot Ä verta kjÞpt opp. Ei svekking av eigenkapitalbevisa som investeringsobjekt vil potensielt kunna rÄka sparebankane hardt.

Derfor bÞr finansminister Jens Stoltenberg (Ap) gjera det som stÄr i hans makt for Ä vidarefÞra dagens modell. SjÞlv om regelverket gir sparebankane nokre fordelar, er det ein modell som har sikra at sparebankane framleis er ein sentral del av norsk bankvesen.

Å operera ein frisk pasient, er bortkasta tid og ressursar. SĂŠrleg om det er fare for at pasienten vert dĂ„rlegare av operasjonen.

Å bevara sparebankmodellen betyr noko for folk, samfunn og Ăžkonomisk motmakt. I fjor gav norske sparebankar og sparebankstiftingar 5,2 milliardar tilbake til norske lokalsamfunn. Sparebankane er ĂČg viktig for arbeidslivet, sĂŠrleg i distrikta, med over 8500 tilsette fordelt i heile landet.

Framtida til norske sparebankar for viktig til Ă„ berre vera eit tema for spesielt interesserte. Grep som svekkar sparebankane, vil nemleg svekka Bergen og andre lokalsamfunn.

đŸ·ïž Extracted Entities (15)

Jens Stoltenberg Ap (person) Sparebanken Norge (person) Bergen (entity) Fana (entity) Finanstilsynet (entity) Christiania (entity) EBA (entity) Sparebanken Nor (person) DNB (entity) EU (entity) Gjensidige (entity) Sparebanken Vest (person) Sparebankforeningen (entity) Sparebankutvalet (entity) Storbritannia (entity)