Herold

Pensjon på anbod - Kva betyr det for dei tilsette i Alver kommune

Plus
Kilde: NH Author: Thormod Bendiksen, Leder Fagforbundet Alver, Alver Published: 2025-11-30 12:15:34
Pensjon på anbod - Kva betyr det for dei tilsette i Alver kommune

Svar fra Fagforbundet Alver til Stian Lavik i KrF.

Det har kome signal om at Alver kommune vurderer å legge tenester ut på anbod.

For mange høyrest dette ut som ein rein økonomisk prosess – men for dei tilsette kan konsekvensane bli dramatiske, særleg når det gjeld pensjon.

I dag har kommunalt tilsette ein trygg pensjonsordning gjennom KLP, der arbeidsgivar set av rundt 20 % av lønnsmassen til pensjon. Ved overgang til private aktørar blir dette ofte erstatta av innskuddspensjon med lovpålagt minimum på 2 %. Det betyr at ein tilsett kan tape fleire hundre tusen kroner – ja, i nokre tilfelle over ein million – i framtidig pensjon. I tillegg kan særaldersgrenser forsvinne, og tryggleiken som ligg i offentleg ordning blir borte.

Reglane om virksomhetsoverdragelse sikrar lønn og vilkår ut tariffperioden, men pensjon er ikkje verna på same måte. Etter tariffperioden kan vilkår endrast, og det skaper uvisse og stress for dei som står i jobben.

Kva står på spel for kommunen?

Kommunane eig KLP – eit fellesskap av 345 kommunar som gir forutsigbarheit og trygg avkastning. Det kommunen «sparer» ved å gå ut av KLP, er pengar dei i dag får avkastning på. Å forlate dette fellesskapet for ein usikker pris frå ein kommersiell aktør er å utsette kommunen for unødvendig risiko.

Rapportar frå Samfunnsøkonomisk Analyse peikar på at anbod på pensjon ikkje berre er risikabelt for dei tilsette – det kan også bli dyrt for kommunen og samfunnet. Prisforskjellar i anbod kjem ofte av gjetningar om levealder, ikkje reelle kostnader. Det er berekna at anbodsplikt kan koste samfunnet opp mot 2 milliardar kroner fram til 2064 i administrasjon og prosesskostnader.

Kvifor er KLP viktig?

KLP er ikkje berre ein pensjonsleverandør – det er eit fellesskap som sikrar stabilitet og langsiktig avkastning. Kommunane har eigarskap og innflytelse, og KLP har historisk levert god avkastning. Å gå ut av KLP betyr å forlate eit trygt og forutsigbart system for eit anbod der prisen kan endre seg dramatisk ved neste runde.

Spørsmålet er: Skal kortsiktig innsparing gå føre tryggleik for dei som gjer jobben i kvardagen?

Vi meiner svaret er klart: Pensjon er ikkje ein kostnad som skal pressast ned gjennom anbod. Det er ein del av lønna og framtida til dei tilsette – og det fortener respekt.

Vi vil også minna KRF om at dei før valet var ein av dei som skreiv under på ordførarløftet, kor partiet lova og ikkje konkuranseutsetja eller privatisera tenestar i kommunen.