Miriam med ny jobb: Skal arbeide for at toget kjem fortare fram
Plus
Det finst ingen jernbanelinjer i Nordhordland, men det stoppar ikkje Miriam Louise Seim nÄr ho no hoppar pÄ Bergensbanen.
Kanskje det er irritasjonen over den lange reisetida mellom Bergen og Oslo som gjer at ho har takka ja til stillinga som sjeflobbyist for Forum Nye Bergensbanen.
Jernbaneturen mellom dei to stÞrste byane i landet tar i dag rundt sju timar. Den lange reisa over langfjella fÄr mange til Ä fÞretrekke fly. Seim skal arbeide for Ä kutte reisetida med tog.
â Eg kjenner bĂ„de Vestlandet og hovudstaden godt, og er ein hyppig brukar av togstrekninga, seier ho i ei pressemelding om jobbskiftet.
Dei siste Ära har dama frÄ Seim opplevd mykje nytt. Det starta like fÞr valkampen i 2019 dÄ ho gjekk inn i politikken for Venstre.
Nokre Är seinare, i 2022, landa ho jobben som politisk rÄdgivar for finansbyrÄden i Bergen. Den siste perioden har ho hatt arbeidsstaden sin pÄ LÞvebakken, som rÄdgivar for stortingsgruppa til Venstre.
Miriam trivast godt med kaos og valkamp
Andre skal sjÄ potensialet
I rolla som sjeflobbyist fÄr Seim bruk for den politiske erfaringa si. Ho skal jobbe aktivt for at politikarane skal tenke meir pÄ toget som gÄr mellom vest og aust.
â Eg gler meg til Ă„ ta fatt pĂ„ arbeidet for Ă„ sikre at Bergensbanen fĂ„r merksemda den fortener.
I tida framover vil Seim lĂžfte to hovudsaker i mĂžte med politikarar i posisjon og opposisjon: Ringeriksbanen og oppgradering av strekninga Bergen-Voss.
FÞrstnemnde er jernbanestrekket som er planlagd Ä gÄ direkte frÄ HÞnefoss til Sandvika i BÊrum. I dag gÄr toget ein lang og kronglete omveg om Drammen til og frÄ Oslo.
â Bergensbanen bind landsdelane saman. Jobben min blir Ă„ fĂ„ resten av landet til Ă„ sjĂ„ det same potensialet som eg ser.
Gir eit klart lĂžft
Hos Forum Nye Bergensbanen ser dei ein klar fordel med at dama frÄ Seim hoppar over frÄ politikken til deira lag.
â Miriam kjem til Ă„ bli ei sterk stemme for Bergensbanen, og det reflekterer godt trykket og iveren vi har for prosjektet, seier Christopher Amundsen Wand, leiar for organisasjonen.
Wand meiner tilsettinga av Seim er viktig for Ä nÄ det store mÄlet dei har sett: At reisetida mellom Bergen og Oslo kryp ned til fire timar.
I dag blir det mykje klimakrÞll nÄr folk vel Ä ta fly heller enn Ä reise med toget.
â Kampen om dei store samferdsleprosjekta er politisk. DĂ„ treng vi folk som bĂ„de forstĂ„r politikken og kan lĂžfte saka tydeleg inn i den nasjonale debatten, seier Wand om lĂžftet som Seim gir dei.