Ferjeleiet i sentrum
Ferjeleiet i Molde har låge i sentrum så lenge ferjestrekninga Molde-Vestnes har eksistert.
Ferjeleiet i sentrum
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Gjennom åra har mange opplevd ferjetrafikken som naturleg og eit positivt by-innslag på Moldefjorden. I dag er strekninga blant dei mest trafikkerte i landet, og den er aukande. Statens Vegvesen melder no trong for ekstra ferjeleie i Grandfjæra til å handtere denne trafikkveksten over fjorden med både større og fleire ferjer.
Molde er ein langstrakt by og vekstmønsteret har alltid vore eit sentralt byplantema.
Det var på 90-talet tankar om planer for ei utviding av sentrum vestover, men plasseringa av det nye stadionanlegget sperra for det. No legg byplanene opp med ei utvikling av sentrum austover til Bolsønesområdet.
Møreaksen-prosjektet med tunell bak byen er ferdig planlagt, men satt på pause.
I påvente vil Statens Vegvesen investere store penger i ei utviding av ferjekaia i Grandfjæra. Det vert ei investering som sett ein STOPP for byutviklinga i dette området med fleire ti-år.
Grandfjæra er planlagt med ei utfasing av E39-trafikken, og er under utbygging med bustader i denne omgang. Meir trafikk og større trafikkareal i mykje lengre tid enn tenkt, er sjølvsagt særs uheldig for gjennomføringa av planene byen har for området. Skal sentrum då vekse inn i småhusområda nord om sentrum, eller kvele «Gjenreisningsbyen» i høgda? Det er STOR grunn til å tenke seg om.
Investeringane for ekstra ferjeleie i Grandfjæra bør heller kanaliserast inn i den planlagde tunellen for E39 bak byen og eit nytt ferjeleie i Mordalsvågen, mellombels til Møreaksen over fjorden faser dette ut.
Nyleg har Statens Vegvesen fått eit nytt oppdrag frå regjeringa om nettopp å sjå på rekkefølgjen i gjennomføringa av Møreaksen. Dette m.a. for å sikre fastland-tilkomst til Nyhamna. Kan «Bytunellen», Julsundbrua og så det sjølvfinansierande Kjerringsundet, kome først? Det er godt nytt.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal