Herold

Krise­senter med fukt, sopp og insekt – får ikkje tilskot til å bygga nytt

Kilde: NRK Author: Eli Bjelland Published: 2026-03-10 15:15:46
Krise­senter i for dårlege bygg – slit med fukt, sopp og insekt

Pågangen til krisesentera aukar, men buforholda ved fleire er dårlege. Kommunar krev tilskot for å bygga nytt.

Saka samanfatta:

  • Mange krisesenter i Noreg har dårlege buforhold, og blir vurderte som ueigna.
  • Behovet for krisesentertilbod aukar, med fleire brukarar, lengre opphald og meir alvorlege valdsformer.
  • Kommunar ber om investeringstilskot frå Husbanken for å bygga nye og betre krisesenter, men regjeringa avviser dette og meiner kommunane må prioritera innanfor eksisterande rammer.
  • Stram økonomi har ført til at fleire prosjekt for nye krisesenter er blitt forseinka eller stoppa, ifølgje Krisesentersekretariatet.
  • Krisesenterlova krev at tilboda skal vera tilrettelagde for alle, men mange senter oppfyller ikkje desse krava.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Ein sliten einebustad frå 1950-talet på Stord er tilhaldsstad for kvinner og barn som utsette for vald.

I kjellaren durar ein luftavfuktar, men limfeller i krokane er fulle av tusselus, også kjent som skrukketroll.

I den einaste dusjen i huset har dei nyleg hatt soppproblem, og opptil ti bebuarar og tilsette deler to toalett.

Det er no 42 krisesenter i landet, ifølgje Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

I 2024 var det 43 senter, og ei undersøking Bufdir gjorde då viste at forholda ved fleire var dårlege.

17 av 43 senter med tilbod til kvinner, og 20 av 42 senter med tilbod til menn, blei vurderte som ueigna. Det var ein auke frå tidlegare år.

For dei fleste sentera er det eldre og lite eigna bygg som er problemet.

Lengre butid og meir alvorleg vald

– Det er folk som har snudd og sagt at «her kan eg ikkje vera». Blant andre ei mor med små barn som var veldig allergiske. Ho valde då heller å bu heime, trass i vald.

Britt Helen Aasbø er dagleg leiar i Krisesenter Vest, som er eit interkommunalt samarbeid mellom 16 kommunar i Vestland og Rogaland, med senter på Stord og i Haugesund.

– Eg kjenner det godt i hjartet at det ikkje er særleg innbydande. Personalet prøver å gjera det så koseleg og hyggeleg dei kan, men det er uverdige forhold.

Britt Helen Aasbø er dagleg leiar i Krisesenter Vest.

Samtidig aukar behovet, viser statistikken til Krisesenter Vest frå 2025:

  • 377 brukarar av tilbodet er ein auke på 38 frå 2024.
  • Totalt 2.844 overnattingsdøgn er ein auke på 256 døgn.
  • Gjennomsnittleg butid har auka 10 dagar, til 32 dagar.
  • Auke i fleire og meir alvorlege valdsformer. Blant anna ei fordobling av seksuell vald. Æresmotivert vald har auka frå 1,7 prosent til 10 prosent.

Fakta om krisesenter:

  • Krisesenter er eit døgnope tilbod til personar som er utsette for vald eller overgrep frå partnar, familie eller andre dei har eit nært forhold til. Krisesentra skal gi eit trygt og midlertidig butilbod til både kvinner, menn og barn. Dei skal gi vern, tryggleik, råd og rettleiing i ein overgangsperiode til dei som oppheld seg der.
  • Krisesentera tilbyr samtalar, kartlegging av situasjonen til brukaren, og hjelp til å ta kontakt med andre tenester.
  • Krisesentera skal vera tilrettelagde for brukarar med ulike behov, inkludert behova til personar med nedsett funksjonsevne og barn som kjem i følge med omsorgsperson. Det skal vera tilgang til kvalifisert tolk.
  • Butilbodet til valdsutsette kvinner og menn skal vera åtskilt.
  • Krisesentera har også dagtilbod for personar som ikkje ønsker eller har behov for å bu der.
  • Det er kommunane som har ansvar for å finansiera drift av oppgåvene i sentera.
  • Fra 1. januar 2026 skjerpa Krisesenterlova ansvaret kommunane har for å sikra eit likeverdig krisesentertilbod, også for personar som ikkje kan bruka det ordinære tilbodet, til dømes personar med rus- og psykiatriutfordringar.

Bygger nytt senter, men må skalera ned

Krisesenter Vest skal bygga nytt felles krisesenter i Aksdal i Tysvær kommune i Rogaland, men stram økonomi gjer at bygget blir mindre enn planlagd.

Blant anna blir det ikkje plass til personar med rus- og psykiatriutfordringar.

– Ein del av det tilbodet som me gjerne skulle ønskt å få plass til, må no løysast av kvar enkelt kommune, seier André Mundal Haukås (H), som er leiar av representantskapet i Krisesenter Vest IKS og ordførar i Sveio kommune.

Også Bergen kommune har planar om å bygga nytt krisesenter, og har sett av 200 millionar kroner i budsjetta sine. Det er totalt 18 kommunar i Vestland som bruker krisesentera i Bergen.

– Me har bygg som er veldig gamle, i dårleg stand og ikkje universelt utforma, seier Charlotte Spurkeland (H), som er byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald.

I eit brev til barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) skriv dei to krisesentera, som til saman dekker 34 kommunar, at det er behov for investeringstilskot til nye krisesenter.

Dei ber om at tilskot blir dekte gjennom Husbanken, på like linje med tilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader.

Dette kan investeringstilskot frå Husbanken brukast til:

  • Auka kapasiteten av og fornya sjukeheimsplassar og omsorgsbustader både til korttidsplassar og langtidsopphald.
  • Fellesareal, felles teknisk anlegg og velferdsteknologi for å oppnå heildøgnsteneste i eksisterande omsorgsbustader og sjukeheimar.
  • Lokale for dagaktivitetstilbod.
  • Heildøgns omsorgsplassar til personar med behov for akutt hjelp.

Investerings­tilskotet skal stimulera kommunane til å fornya og auka tilbodet av plassar i sjukeheimar og omsorgsbustader for personar som har behov for helse- og omsorgstenester heile døgnet.

Kjelde: Husbanken

– Eg synest det er utruleg at me ikkje får investeringstilskot på denne type bygg. Eg trur det er ein glipp i regelverket, som nokon må gjera noko med, meiner Sveio-ordføraren.

– Det er ikkje så mange år sidan krisesentera blei eit offentleg ansvar. Det viser at her har det skjedd ei politikkutvikling der ikkje alle ordningane har følgd med, ifølgje bergensbyråden.

Charlotte Spurkeland (H) og André Mundal Haukås (H) trur det må vera ein feil at dei ikkje får investeringstilskot til å bygga nye krisesenter.

Avviser investeringstilskot til krisesenter

Barne- og familiedepartementet skriv i eit svar til kommunane at statsråden ikkje har høve til å prioritera eit møte om behov for investeringstilskot til krisesenterbygg.

Dei viser til at ho allereie har svart Stortinget om problemstillinga fleire gonger.

Til NRK gjentek statssekretær Helge Flø Kvamsås (Ap) svaret:

– Husbankens tilskot går til andre føremål, og me vurderer det ikkje som aktuelt no å utvida eksisterande ordningar eller oppretta nye tilskotsordningar til krisesenter.

– Eg forstår at det er krevjande prioriteringar i kommunane, men me forventar at kommunane i all hovudsak klarer å prioritera det viktige og lovpålagde krisesentertilbodet innanfor dei rammene som er gitt, seier Kvamsås.

Heile svaret frå barne- og familiedepartementet:

– Vald i nære relasjonar er grov kriminalitet og eit alvorleg samfunnsproblem. Krisesentertilbodet er eit av dei viktigaste tilboda me har for valdsutsette, og kommunane må ivareta det ansvaret dei har for tilbodet etter krisesenterlova. For at kommunane skal kunna oppfylla ansvaret dei har etter lova, får kommunane finansiering over kommuneramma, ei ramme som i ei tid med tøffe prioriteringar er styrkt. Kommunane og fylkeskommunane er samla styrkte med om lag 16 milliardar kroner i 2025, og ytterlegare styrkte med 8,3 kroner i 2026.

– Eg forstår at det er krevjande prioriteringar i kommunane, men me forventar at kommunane i all hovudsak klarer å prioritera det viktige og lovpålagde krisesentertilbodet innanfor dei rammene som er gitt.

– Samtidig er det viktig å understreka at fleire kommunar klarer å utvikla og gi eit godt tilbod, anten åleine eller gjennom samarbeid med andre kommunar som gjer at ein kan dela kostnader.

– Det er oppretta ei tilskotsordning som skal finansiera kostnader ved å oppgradera, fornya eller utvida krisesentera. I 2026 er det sett av 20,7 millionar kroner til denne ordninga, som er eit supplement, ikkje ei erstatning for ansvaret til kommunane.

– Husbankens tilskot går til andre føremål, og me vurderer det ikkje som aktuelt no å utvida eksisterande ordningar eller oppretta nye tilskotsordningar til krisesenter. Me vil vurdera korleis staten kan støtta godt opp under utviklinga av krisesentertilbodet, særleg gjennom regelverket og rettleiing, men me vil halda fast på at krisesentertilbodet er eit ansvar kommunane har. Arbeidarparti-regjeringa har også nedsett ein kommunekommisjon som skal utgreia korleis ein kan sikra at kommunane kan bruka ressursane på ein god og fleksibel måte, og løysa oppgåvene meir effektivt.

– Ikkje alle krisesenter oppfyller krava

Departementet viser til at kommunane og fylkeskommunane samla er styrkte med om lag 16 milliardar kroner i 2025, og ytterlegare styrkte med 8,3 milliardar kroner i 2026.

I tillegg er det oppretta ei tilskotsordning som skal bidra til å finansiera kostnader ved å oppgradera, fornya eller utvida krisesentera.

Det blei sett av 20 millionar kroner til ordninga i fjor, og det blei søkt for over 60 millionar kroner, ifølgje Ane Fossum, som er leiar i Krisesentersekretariatet.

– Krisesenterlova stiller ein del krav. Det er ikkje alle krisesentera som kan oppfylla lova viss dei ikkje har bygg til det, rett og slett.

Fossum kjenner til fleire tilfelle der stram økonomi har forseinka eller i verste fall stoppa prosjekt.

– Sjølv om det er eit midlertidig butilbod, så er jo dette heimen for dei valdsutsette i ein periode. Og det er kjempeviktig at me kan gi eit godt hjelpetilbod til nokre av dei mest sårbare i samfunnet vårt.

Ane Fossum er leiar i Krisesentersekretariatet, som fleire gonger har tatt opp manglande finansiering og tilskot frå Husbanken med styresmaktene.

🏷️ Extracted Entities (28)

Husbanken (entity) Krisesenter Vest IKS (organization) Kommuneøkonomi 📁 (category) Krisesentersekretariatet (entity) Vold i nære relasjoner 📁 (category) André Mundal Haukås H (person) Ane Fossum (person) Bergen (entity) Britt Helen Aasbø (person) Bufdir (entity) Charlotte Spurkeland H (person) Rogaland (place) Stord (entity) Vestland (place) Aksdal (place) Barne (entity) Haugesund (place) Helge Flø Kvamsås Ap (person) KI (entity) Krisesenterlova (entity) Kvamsås (place) Lene Vågslid Ap (person) Noreg (entity) OpenAI (entity) Stortinget (entity) Sveio (entity) Tysvær (entity) Vest (entity)

📊 Metadata

Category: Vold i nære relasjoner, Kommuneøkonomi
OpenGraph Title: Krise­senter med fukt, sopp og insekt – får ikkje tilskot til å bygga nytt
Twitter Title: Krise­senter med fukt, sopp og insekt – får ikkje tilskot til å bygga nytt