Bruk fakta, ikkje svada!
Når ein skriver om andre samferdselsprosjekt her i fylket, så må det være eit minimum at fakta om prosjekta vert brukt, ikkje framføre direkte grove faktafeil som fører til enda meir fogderistrid.
Bruk fakta, ikkje svada!
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Jofred Skogvoll viser til såkalla andre samferdselsprosjekt her i fylket i samanheng med debatten ikring tidenes sløseriprosjekt Møreaksen, og kjem med så mykje faktafeil ikring desse prosjekta at eg regelrett er nød til å korrigere dette.
Les også:
Her blir det hevda om både RV15 Strynefjellet og Voldatunellen at:"prosjektet har en lang vei å gå i tid før det kan tas inn i NTP og gis prioritering" og, er prosjekt som ikkje er klar for NTP.
Fakta er at alle begge desse prosjekta ligg inne PRIORITERT i gjeldende NTP sin 12 års periode , der RV15 sågar er vedteke i behandlinga av NTP i Stortinget med eige romertallsvedtak og vedteke i fyrste 6 års perioden.
I tillegg er E-39 Bjerkestad-Astad inne og prioritert i NTP, i tillegg til at Nye veier as har ansvaret for E-136 frå Vestnes til Bjorli som også ligg inne i NTP.
Fylkesvegprosjekt som er omtalt, har ingen verdens ting med NTP å gjere, men er fylket sitt ansvar og høyrer såleis ikkje med i debatten ang NTP.
Det blir vidare hevda at Voldatunellen ikkje har verken KVU, kommunedelplan, reguleringsplan, KS1 osv. Dette er også feil, då alt dette er på plass for lengst for Voldatunellen og der mangler kun KS2 ekstern kvalitetssikring og finansieringsvedtak i Stortinget.
Dette kan alle faktisk sjå på Statens vegvesen sine sider.
RV15 Strynefjellet er vedteke, der prosjektet ligg inne i fyrste 6 års perioden av NTP, og såleis også med i Statens vegvesen sitt handlingsprogram for utbygging, og er godt igang med planarbeidet for oppstart bygging i 2029/30.
E-39 Bjerkestad-Astad jobber Statens vegvesen no med detaljregulering der dei tidligare fasane er ferdige, og kan også få byggestart om nokre år.
Med andre ord, alle desse prosjekta er prioritert i NTP, og har kome langt i planarbeidet som legger til rette byggestart om mulig om få år.
Jofred Skogvoll snakke om VI i Møre og Romsdal, men det er akkurat slike innlegg som skapar full fogderistrid når ein snakkar ned viktige fylkes- og riksvegprosjekt og snakkar ned og feilaktig villeder om andre faktisk prioriterte prosjekt som er prioritert i NTP i andre delar av fylket.
Direkte feilinformasjon og svada om andre prosjekt, for å framsnakke Møreaksen.
Møreaksen er tatt heilt ut av dagens NTP dei neste 12 åra, rett og slett fordi der ikkje finnast snev av realisme å bruke mellom 30-50 milliard kr på Møreaksen, som sjølvsagt aldri blir bygd.
Det er akkurat VI i MØRE og ROMSDAL som opptar meg, når vi heller prioriterer viktige samferdselsprosjekt i HEILE fylket.
Derfor prioriterer vi i FrP 7 andre samferdselsprosjekt fordelt over heile fylket, dette er det som framsnakkar,VI i Møre og Romsdal!
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal