Herold

Nå kan det bli enklare å ta seg ein utepils

Kilde: NRK Author: Trond Odin Myhre Johansen Published: 2026-03-11 04:19:07 Last updated: 2026-03-11 08:17:18
Nå kan det bli enklare å ta seg ein utepils

I både Oslo, Trondheim og Bergen kan det no bli endringar.

Saka oppsummert:

  • «Trondheimsmeteren» lèt restaurantar og kafear sette ut bord og stoler éin meter frå husveggen utan søknad eller avgift.
  • Varaordførar Erling Moe (V) seier tiltaket reduserer byråkrati og gir betre vilkår for næringslivet.
  • NHO Reiseliv støttar tiltaket og håpar fleire byar følger etter; Bergen har allereie innført ei liknande ordning.
  • Varaordførar Erling Moe understrekar at tiltaket er ei trondheimsoppfinning og at ansvarlege næringsdrivande vil sikre at det ikkje hindrar passasje.
  • Fleire meiner «Trondheimsmeteren» bidrar til å skape meir byliv og gjer det enklare for restaurantar å utnytte gode vêrforhold.
  • Fleire norske byar vurderer no liknande tiltak for å støtte serveringsbransjen og styrke bylivet.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

– Dei aller fleste restaurantane som har moglegheit til å ha eit bord på utsida vil nok sette pris på dette, for byråkratiet tar si tid.

Det seier Giancarlo Buoso, som er styreleiar ved restauranten Blomster og vin på Bakklandet i Trondheim.

Han viser til at den nye «Trondheimsmeteren» blir innført.

Det betyr at kafear og restaurantar kan sette ut bord og stoler éin meter frå husveggen, utan å spørje om «lov».

– Litt klønete

Venninnegjengen Marthe Ødegaard (20), Julie Fleten (20) og Selma Johansen (20) synest det høyrest tungvint ut å søke om lov for å sette ut stolar rett utanfor døra.

– Det er litt klønete, seier Marthe som seier mange fort vil sitje ute med drikken når sola kikkar fram.

Selma Johansen, Marthe Ødegaard og Julie Fleten er positive til den nye meteren.

Dei er positive til den nye ordninga med meteren.

– Det blir fint med ei sånn ordning, særleg når det er fullt på dei stadene som allereie har uteservering, seier Julie.

Dei tre fortel at dei er raskt ute med ein utepils når vêret tillèt det.

Fleire dagar med uteservering

Giancarlo Buoso seier at dei vanlegvis får brukt uteserveringa om sommaren, men mykje uvêr i Trondheim gjer at det ikkje alltid er så hyggeleg å sitte ute.

– Trondheim er jo ikkje kjent for å ha det beste vêret i verda. Denne forenklinga vil nok vere velkomme for dei aller fleste som driv restaurant i ein eller annan samanheng, seier Buoso.

Med denne ordninga kan ein potensielt få fleire dagar med uteservering.

Før måtte det sendast planteikning for å få på plass ei slik uteservering. No blir det gjort forsøk med «Trondheimsmeteren» i Trondheim.

– Bere hive ut stolane

– Viss sola skin kan ein berre hive ut stolane og sette i gang utan å søke til kommunen og utan å betale avgift, seier Erling Moe (V), varaordførar i Trondheim.

Moe seier at dette handlar om avbyråkratisering og betre vilkår for næringslivet.

– Det er mindre byråkrati, det er meir og betre byliv, seier Moe.

Varaordførar Erling Moe seier det er fritt fram for å hive ut stolane når sola kikkar fram.

NHO Reiseliv, ein næringslivs- og arbeidsgivarorganisasjon for reiseliv i Noreg, er også fornøgde med den nye «meteren».

– Spesielt for små aktørar så kan det å søke om uteservering krevje ganske mykje tid, pengar og ressursar, seier Tobias Strandskog-Christensen.

Han er bransjesjef for servering i NHO reiseliv.

– Ein må sende inn planteikningar til kommunen, berre fordi ein vil sette opp eit par bord og stolar. Tanken om at det skal vere gratis og utan søknad er kjempebra, seier Tobias Strandskog-Christensen.

NHO Reiseliv vil at fleire byar skal følge Trondheim sitt eksempel.

Vil ha «meteren» til fleire byar

Strandskog-Christensen seier at serveringsbransjen slit med små marginar, så alt som kan bidra til at fleire bruker byen er kjempepositivt.

– Så håpar vi at fleire følger Trondheim sitt eksempel og innfører meteren.

Varaordføraren forklarer at det heiter «Trondheimsmeteren» fordi dei var først ute.

– No ser eg at både Oslo og Bergen tenker sånn, men vi var først. Så det er ei trondheimsoppfinning, seier Moe.

Strandskog-Christensen i NHO Reiseliv forklarer at det er prosessar i gang i fleire norske storbyar:

  • Oslo: Saka er til utgreiing.
  • Bergen: Der er «Bergensmeteren» innført.
  • Stavanger: Venstre har fremja eit forslag.
  • Kristiansand: Det blir diskutert i Høgre.

Kanskje dette vil bli enklare å få til i fleire norske byar?

– Ansvarleg næringsdrivande

I forkant av at «Trondheimsmeteren» blei innført blei omsynet til personar med funksjonsnedsettingar diskutert i bystyret, altså korleis ein sikrar at ingen blir hindra frå å passere.

Det passar næringslivet på. Vi har ansvarleg næringsdrivande i Trondheim som passar på det. I tillegg kontrollerer kommunen at det er passasje. Så det trur eg løyser seg reint praktisk frå gong til gong, seier varaordførar Moe.

Men kva med fyll og fanteri?

– Nei, nei, nei. Vi har ansvarleg næringsdrivande i Trondheim. Det fiksar dei fint. No problem. Dette skaper byliv og det gjer det enklare for næringslivet og sånn vil vi ha det.

🏷️ Extracted Entities (26)

NHO Reiseliv (organization) Trondheim (place) Trondheimsmeteren (entity) Varaordførar Erling Moe V (person) Alkohol og skjenking 📁 (category) Bergen (entity) Forbrukersaker 📁 (category) Giancarlo Buoso (person) Moe (entity) Norge 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Trondheim 📁 (category) Trøndelag 📁 (category) Julie Fleten (person) Oslo (place) Selma Johansen (person) Venninnegjengen Marthe Ødegaard (person) Bakklandet (entity) Bergensmeteren (entity) Blomster (entity) Høgre (entity) KI (entity) Marthe (entity) Noreg (entity) OpenAI (entity) Tobias Strandskog-Christensen (organization)

📊 Metadata

Category: Trøndelag, Forbrukersaker, Alkohol og skjenking, Norge, Trondheim, Politikk og samfunn