Alarm for Distrikts-Noreg: Éin av fire arbeidsplassar kan forsvinne
Ny rapport slår alarm om «demografisk skvis» i dei minst sentrale kommunane. Stortinget etterlyser konkrete grep frå regjeringa.
Saka oppsummert:
– Telemarksforsking spår ein kraftig nedgang i arbeidskraft i distrikta fram mot 2050, med opptil 26 % færre sysselsette i dei minst sentrale kommunane. – Nedgangen i arbeidskraft kan føre til svekka kommunale tenester, færre unge som etablerer seg, og fleire pleietrengande utan tilstrekkeleg hjelp. – Kommunalministeren peiker på samarbeid og samanslåing som tiltak, men understrekar at kommunane må ta eigne val. – Opposisjonen kritiserer regjeringa for manglande handlekraft og krev konkrete tiltak for å redusere byråkrati og styrke distrikta. – KS og fleire politikarar etterlyser mindre statleg styring og meir lokal fleksibilitet for å møte utfordringane. – Sysselsettingsdelen har gått ned, noko som utfordrar berekrafta i velferdsstaten.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Telemarksforsking har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet sett på forholdet mellom behov og tilgjengeleg arbeidskraft fram mot 2050.
Rapporten omfattar alle kommunane i landet, og statsråden karakteriserer funna som «dramatiske».
Særleg slår «den demografiske klemmen» ut i dei minst sentrale delane av landet:
- I dei 108 minst sentrale kommunane blir det 26 prosent færre sysselsette.
- I 12 av desse kommunane vil arbeidsstokken halverast.
I sum teiknar rapporten eit bilde av ein negativ spiral:
Når etterkrigskulla går av med pensjon, må kommunane prioritere hardare. Dette svekkjer den «kommunale pakken» som skal gjere det attraktivt for unge par å etablere seg.
Resultatet er stadig fleire pleietrengande, og færre hender til å pleie dei.
– Overraska av kor sterk nedgangen blir
– Det er ikkje overraskande at distrikta blir hardast ramma, men vi blei litt overraska av kor sterk nedgangen i sysselsettinga blir, seier Knut S. Vareide, som er ein av forfattarane av studien.
– Vi så også at ein del kommunar har allereie i dag har problem med rekruttering, så dette er ikkje eit fjernt problem langt inn i framtida.
I Perspektivmeldinga frå 2024 legg regjeringa til grunn at ein høgare sysselsettingsdel skal sikre berekrafta i velferdsstaten.
Sidan har sysselsettingsdelen gått ned.
Det gjer at perspektivmeldinga verkar «altfor optimistisk», meiner Vareide.
– Det går feil veg.
Fakta om rapporten
Rapporten frå Telemarksforskning, utført på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet, teiknar eit bilde av ei dramatisk endring i den norske arbeidsmarknaden dei neste 25 åra.
- Hovudfunn: Det blir eit aukande gap mellom behovet for tenester og tilgjengeleg arbeidskraft, særleg i distrikta.
- Sentralisering: Mens sentrale strøk opplever vekst, vil dei 108 minst sentrale kommunane få i snitt 26 % færre sysselsette.
- Ekstremutslag: I 12 av desse kommunane ligg det an til at arbeidsstokken blir halvert (50 % nedgang) innan 2050.
- Eldrebølga: Samtidig som talet på yrkesaktive stuper, aukar talet på pleietrengande eldre kraftig. Dette skaper ein «sjølvforsterkande negativ spiral» der kommunale tenester blir svekte.
- Perspektivmeldinga: Rapporten slår fast at målet om auka sysselsettingsdel så langt ikkje er nådd, noko som gjer dei nasjonale prognosane frå 2024 «altfor optimistiske».
Dette er dei føreslådde tiltaka:
- Auka lokalt handlingsrom: Redusere statleg detaljstyring og fjerne strenge bemanningsnormer (t.d. lærarnorma).
- Effektivisering: Flytte arbeidskraft frå administrasjon og planlegging over til direkte tenesteproduksjon.
- Samarbeid: Meir interkommunalt samarbeid eller kommunesamanslåingar for å skape større og meir robuste fagmiljø.
- Attraktivitet: Politiske grep for å gjere det meir freistande for unge par å etablere seg i distrikta.
– Det er ikkje overraskande at distrikta blir hardast ramma, men vi blei litt overraska av kor sterk nedgangen i sysselsettinga blir, seier Knut S. Vareide.
Regjeringa: – Kommunesamanslåing kan vere ei løysing
Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran kallar rapporten eit argument for meir samarbeid på tvers av kommunegrensene – og fleire samanslåingar:
– For nokon kan ei mogleg løysing vere kommunesamanslåing, men det må kommunane sjølv finne ut av. Staten skal stille med gode rammevilkår for både samanslåing og samarbeid, seier han.
Han legg til:
– Vi må også redusere den statlege detaljstyringa, slik at kommunane har rammene dei treng for å finne nye løysingar på utfordringane dei står overfor.
Sjå fleire reaksjonar på rapporten under.
– Skjæran er taus som ein østers
Da Kommunekommisjonen tidlegare i år anbefalte å skrote lærarnorma, var undervisningsminister Kari Nessa Nordtun kategorisk på at det ikkje kom på tale.
Kommunalpolitisk talsperson for Høgre, Mudassar Kapur meiner at regjeringa manglar handlekraft og så langt ikkje har gjort stort anna enn å avvise oppfordringane til Kommunekommisjonen.
– Skjæran er taus som ein østers om tiltaka kommisjonen har foreslått.
Kapur oppfordrar kommunalministeren til å avklare om han er einig med undervisningsministeren om å frede lærarnorma – eller om han er einig med Ap-ordførarane som etterlyser meir fleksibilitet og armslag.
Tidlegare i år sende fremja han eit forslag med 13 konkrete punkt for å «sette kommunane fri»:
– Vi viser veg for mindre byråkrati. Nå må Arbeidarpartiet vise om dei vil sitte stille i båten eller vere med å ta ansvar.
Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran kallar rapporten eit argument for meir samarbeid på tvers av kommunegrensene – og fleire samanslåingar:
– Det er i distrikta verdiane våre ligg
Bengt Fasteraune (Sp) understrekar at løysinga ikkje berre handlar om struktur, men om aktiv politikk for å forvalte naturressursane.
– Det er i distrikta verdiane våre ligg. Da må vi ha ein politikk som gjer det attraktivt å bu der, samtidig som kommunane får meir handlingsrom til å bruke lokalt skjønn, seier han.
På spørsmål om regjeringa vil leggje fram forslag før sommarferien, svarer departementet at dei «vil komme tilbake til» korleis oppmodingane frå Kommunekommisjonen skal følgjast opp. Høyringsfristen går ut 18. april.
KS-direktør Helge Eide ventar at regjeringa bevegar seg raskt så snart høyringsfristen er ute.
– Vi legg til grunn at regjeringa følger opp dei føreslådde tiltaka til mindre statleg styringstrykk og meir lokal fleksibilitet, og er glade for at eit breitt fleirtal i Stortinget har stått saman om behovet for endring her.
– Vi håpar på eit breitt fleirtal for konkrete endringar som kommunane merkar.