Herold

Støre i barfeide med LO: – Kjenner ikkje igjen mitt eige parti

Kilde: NRK Author: Mats Rønning Published: 2026-03-11 07:50:36 Last updated: 2026-03-11 08:49:26
Støre i barfeide med LO: – Kjenner ikkje igjen mitt eige parti

Statsministeren vil ha nattopne ølkraner under fotball-VM. Det får begeret til å renne over for LO-tillitsvalde.

– Eg opplever det som ein uryddig prosess. Det kom som «eit boms» på mange. Vi fekk beskjed på TV om at det skulle opnast for skjenking, seier Ann Kristin Sletvold til NRK.

REAGERER: Ann Kristin Sletvold er tillitsvald i Fellesforbundet. LO sitt største forbund i privat sektor organiserer mange hotell- og restauranttilsette.

Ho er konserntillitsvald i Fellesforbundet for Thon Hotels og restaurantane som Thon eig. Etter 14 år som resepsjonist ved Thon Brønnøysund har ho sidan 2024 vore frukostansvarleg ved Thon Torghatten.

Sletvold sit i Fellesforbundet sitt bransjeråd for hotell, restaurant og reiseliv. Ho er ikkje aleine om å reagere på prosessen.

Fakta om skjenking under fotball-VM

  • Regjeringa har sendt på høyring eit forslag som opnar for skjenking av øl og vin på nattetid under fotball-VM-et i sommar.
  • Bakgrunnen er at fleire av VM-kampane blir spelte etter klokka 3 norsk tid. Endringane i alkohollova skal berre gjelde under meisterskapen, frå 11. juni til 19. juli.
  • Hovudargumentet til regjeringa er at fotball er den mest populære idretten i Noreg, og at mange ønsker å vere saman om å følge den første deltakinga til det norske landslaget på 28 år.
  • Regjeringa foreslår at kvar enkelt kommune skal få avgjere om skjenketida faktisk skal utvidast under meisterskapen.
  • Høyringa går ut denne veka. Torsdag vil eit forslag frå Høgre og Frp om ei generell opning for skjenking under store idrettsmeisterskapar med norsk deltaking, bli stemt ned av Stortinget.

– At ei regjering leia av Arbeidarpartiet foreslår å endre arbeidstida til ein heil bransje utan å forhøyre seg med fagforeiningar og folka på golvet, er heilt bak mål, skreiv Utelivets organisasjonskomité i eit debattinnlegg i den LO-finansierte nettavisa Fri Fagbevegelse førre veke.

– Det er mange utfordringar her som det må takast omsyn til. Og den prosessen kjenner eg at vi er heilt utelatne frå. Og då kjenner eg ikkje igjen mitt eige parti, seier Sletvold, som også er aktiv i Brønnøy Ap.

SKÅL: Jonas Gahr Støre tok ein øl med Storbritannias statsminister Keir Starmer i København etter ein middag på Amalienborg slott i fjor. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Skuffa over Ap

Det er ikkje nødvendigvis sjølve avgjerda som får henne til å reagere, men det ho og andre tilsette i serveringsbransjen opplever som mangelfull involvering i forkant.

– Eg reagerer på trepartssamarbeidet oppe i dette: Vi blei ikkje involverte i forkant, seier Sletvold og fortset:

– Eg er skuffa, for å seie det rett ut. Eg trudde trepartssamarbeidet stod litt høgare for Arbeidarpartiet.

SKUFFA: Ann Kristin Sletvold er skuffa over sitt eige parti i denne saka.

Ho seier utfordringane ikkje knyter seg til bar- og hotelltilsette aleine, men også til politifolk og vektarar.

– I Oslo skal dei opne Ullevaal for fleire tusen menneske. Samtidig er det Tons of Rock og pride. Dette handlar ikkje berre om dei som skal servere, seier ho.

Spørsmålet om kven som skal jobbe, reiser ho òg.

– Skal ikkje dei fast tilsette få ta ut ferie midt på sommaren? Og skal dei ut i ferie, så er det ferievikarar som skal inn. I denne bransjen er det stort sett skuleelevar og ungdommar det er snakk om.

Ekstra betalt?

Sletvold lurer også på korleis dei tilsette skal bli kompenserte for jobben dei skal gjere.

– I bransjen vår er det veldig lite tariffavtalar, spesielt på restaurantar. Den allmenngjorde lønna til dei som ikkje har tariffavtalar, er ein minstelønnssats på 197 kroner. Det er ikkje allmenngjort nattillegg, seier ho.

Sletvold spør seg også om utvida skjenking berre skal gjelde fotball-VM for herrar eller jamvel OL og andre store arrangement som kan komme til å bli arrangerte om natta norsk tid.

– Vi har jo eit damelag også som er ganske bra i fotball. Det kan jo skje at dei skal spele i Asia eller ein annan stad i verda. Og det skulle ikkje vere noko forskjellsbehandling der heller.

Ap: – Gjekk fort

Helsepolitikar i Arbeidarpartiet Kai Steffen Østensen erkjenner at det gjekk fort i svingane då regjeringa kom med varselet om nattopne ølkraner under fotball-VM.

– Eg skulle gjerne hatt endå betre tid til å behandle forslag om mellombelse unntak. Men då fotballgutane faktisk kvalifiserte seg til denne jublande folkefesten, så var det behov for å raskt sende ut eit forslag på høyring om mellombelse unntak av skjenketider, sånn at flest mogleg får høve til å gi innspela sine.

FORSVARAR: Stortingsrepresentant og helsepolitikar Kai Steffen Østensen frå Arbeidarpartiet meiner det er rett å lempe på skjenkereglane under fotball-VM.

Østensen seier det måtte skje raskt – også for at Stortinget skulle rekke å gjere nødvendige lovendringar i tide. Han understrekar at det er kommunane som skal ta dei konkrete avgjerdene om skjenking og seier han forventar gode lokale prosessar, der tillitsvalde blir høyrde.

– Har de hoppa over trepartssamarbeidet her?

– Eg opplever at ein legg til rette for at det skal kunne vere god dialog. Og det er viktig at den dialogen blir høyrd, seier Østensen.

Det er Stortinget som til sjuande og sist skal vedta endringane i alkohollova. Det er venta at regjeringa vil legge fram det endelege forslaget sitt før påske. Høyringsrunden går ut denne veka.

Vil ha dialog

Ann Kristin Sletvold meiner statsminister Jonas Gahr Støre snarast bør ta kontakt med partane i arbeidslivet for å løyse utfordringane som ho meiner han sjølv har skapt med øl-løfta sine.

– Ta kontakt med partane. Sett dykk ned og prat. Og sjå på utfordringane. Er dette gjennomførbart? Vi har sommarvaktlister som skal ut før sommaren. Vi kan ikkje berre begynne å forandre på dei faste sommarvaktene til tilsette plutseleg i juni.

– Ei anna utfordring er arbeidsmiljølova. Ho seier at nattarbeid ikkje er lovleg med mindre det er nødvendig. Da må vi spørje oss: Er dette nødvendig – og skal arbeidsmiljølova forandrast for denne månaden?

Ho beskriv skjenkeavgjerda som «lite gjennomtenkt» og meiner dei tilsette ikkje er tekne i vare på ein god måte.

– Eg synest verkeleg at Støre og Co. skal ta inn over seg at dei faktisk ikkje har brukt trepartssamarbeidet i denne saka, seier den LO-tillitsvalde og fortset:

– Vi var alle oppglødde då Noreg gjekk vidare i VM. Men likevel: Det er regjeringa vår. Dei skal ikkje legge fram sånne ting før det er skikkeleg gjennomtenkt.

🏷️ Extracted Entities (30)

LO (entity) Ann Kristin Sletvold (person) Arbeidarpartiet Kai Steffen Østensen (person) Alkohol og skjenking 📁 (category) Arbeidsliv og sysselsetting 📁 (category) Fotball-VM 2026 📁 (category) Jonas Gahr Støre (person) Politikk 📁 (category) Regjeringen Støre 📁 (category) Stortinget (entity) Brønnøy Ap (person) Fellesforbundet (entity) Noreg (entity) Thon Torghatten (person) Amalienborg (entity) Asia (entity) Co (entity) Fri Fagbevegelse (person) Frp (entity) Høgre (entity) Keir Starmer (person) København (entity) Ole Berg-Rusten (organization) Oslo (place) Storbritannia (entity) TV (entity) Thon Brønnøysund (person) Tons of Rock (organization) Ullevaal (entity) Utelivets (entity)

📊 Metadata

Category: Alkohol og skjenking, Fotball-VM 2026, Regjeringen Støre, Arbeidsliv og sysselsetting, Politikk