Elin Måge er skoleinfluenser og deler undervisningsvideoer på sosiale medier
Slik brukar ho sosiale medium for å gje elevane kjensla av privatundervisning, midt i den digitale støyen.
Saka oppsummert:
Elin Måge brukar sosiale medium som ei plattform for å skape ei meir personleg og effektiv undervisning for elevar.
Ho har over 4000 følgarar på Facebook og 2000 abonnentar på YouTube, og videoane hennar blir også brukte av andre lærarar og elevar.
Videoane fungerer som ein repetisjonsressurs for elevane og gjer det mogleg å tilpasse undervisninga til ulike læringsstilar.
Sjølv om videoane er populære, viser forsking at dei er mest til fordel for ressurssterke og sjølvstendige elevar.
Tillit og relasjon mellom lærar og elev er avgjerande for suksess på digitale plattformer.
Elin ser på videoane som eit supplement til klasseromsundervisning og ein måte å nå elevane der dei er.
Oppsummeringa er laget av ein KI-teneste. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.
– Eg likar tanken på at eg kan kommunisere med elevane der dei er.
Til vanleg er Elin Måge lærar ved Rosenvilde vidaregåande skule i Bærum. På fritida byter ho ut tavla med kamera for å nå elevane på skjermen.
– I eit klasserom med 30 elevar er det fort gjort å ikkje bli sett. Men gjennom videoar på sosiale medium skapar eg som lærar ein nærare relasjon til kvar elev.
Elin Måge underviser i norsk og musikk. Det er fag ho tar med seg inn i videoane ho lagar til sosiale medium.
Effektiv formidling
Idéen starta med at Elin hadde eit behov for å vere meir effektiv, og fortelje pensum raskare til sine eigne elevar.
Samtidig har ho allereie delt videoar på nett i over ti år.
No har ho over 4000 følgjarar på Facebook, og over 2000 abonnentar på YouTube.
– Eg merka at eg gjentok meg sjølv, særleg som musikklærar.
– Då tenkte eg: Dette er meir effektivt å formidle på video der eg kan redigere, seier Elin.
Elin har fått kallenamnet «nynorskdama» fordi ho deler så mange videoar om nynorsk.
Elins tre grunnar til at video fungerer
🤝 Du skapar ein annan type relasjon med elevane.
🧠 Du skapar eit univers som gjer at elevane kan lære på ein heilt annan måte.
🎬 Det er større rom for å leike seg og formidle pensum gjennom film.
Vegen frå tradisjonell tavleundervisning til digitale flater vart kort, for ho har alltid vore interessert i foto og redigering.
Men dei første forsøka var, ifølgje ho sjølv, ikkje noko å skryte av.
– Dei første videoane var heilt «uffa». Eg sat og las rett av powerpointen min, så utviklinga frå den gongen til i dag er veldig stor.
No klippar ho inn bilete og leikar seg med visuelle effektar på skjermen.
– Det er jo det som er morosamt!
Slik forklarar Elin nynorsk på video. Video: YouTube.
«Bingar» kanalen
Sjølv om Elin lagar videoane primært for sine eigne elevar, har dei fått eit eige liv på Facebook og YouTube.
Ho har blitt kjent att på lokaltoget, og lærarar andre stader i landet brukar videoane hennar i si undervisning.
– Elevane har funne ut at videoane fangar essensen. Eg har til og med opplevd elevar som fortel at dei har «binga» alle videoane mine på ein kveld.
For elevane hjelp det å kunne spole fram og tilbake på videoen.
Elin identifiserer seg likevel ikkje som influensar.
– Eg tenkte eg måtte kalle meg noko, og sidan videoane blir delt på nett, så vart det «skuleinfluensar».
Innhaldet er opent og tilgjengeleg, likevel er kommentarfelta stengde på YouTube. Slik blir det ingen digital kommunikasjon mellom lærar og elev der.
Ho tenar heller ingen pengar på å drive med dette.
Som ein repetisjonsknapp
Elevane sjølv seier det er effektivt å bruke videoar som læringskjelde. Spesielt om ein må repetere innhaldet frå skuletimen.
Frå venstre: Olav Guldvog Christophersen, Abdulsalam Ahmad og Casper Bjørkhaug.
Ingen snarveg
Sjølv om videoar kan verke som den perfekte løysinga for elevar som slit, viser ny svensk forsking at det ikkje er ein snarveg.
Forskinga tyder på at det særleg er dei ressurssterke og drivne elevane som hentar ut mest gevinst.
– Vårt inntrykk er at det krevst ein stor grad av sjølvstende frå elevane for å finne dei rette filmane og faktisk ha nytte av dei i skulearbeidet.
Det fortel professor ved Karlstads universitet, Marie Nilsberth. Ho har forska på temaet «Lærarar på sosiale medium».
At læraryrket følgjer etter elevane inn på sosiale medium, er naturleg, meiner Nilsberth. Likevel er det skilnad på å vere ein vanleg influensar og ein lærar-influensar.
– Tillit er heilt sentralt. Det kjenneteiknar dei lærarane som får mange følgjarar. Dei har bygd opp ein relasjon som gjer at elevane stolar på dei.
Nilsberth seier denne tilliten blir som eit varemerke for læraren.
Dette har forskinga vist
🧑🤝🧑👬 4 av 5 nyttar undervisningsvideoar på sosiale medium nokre gongar.
2️⃣0️⃣ 20 % av elevane beskrivast som storbrukarar, men det er varierande mellom aldersgrupper.
🟰 Matematikk er faget flest elevar søker hjelp digitalt.
📱 I kommentarfelt har dei sett at mange elevar skapar ei form for relasjon med læraren. Her er det ikkje målt nøyaktige tal.
🎥 Resultata viser at ein må vere sjølvstendig og god til å planleggje eige skulearbeid. Det indikerer at mange elevar treng hjelp til å finne fram til dei rette videoane.
Kjelde: Karlstads Universitet, forskningsprosjektet «Lärare och influencer? Sociala medier som arena för yrkesutövning».
Noko for ein kvar smak
Elin er ikkje redd for at videoar blir ei kvilepute for elevane.
– Den jobben er det kunstig intelligens som har, men det er ein annan diskusjon.
– Ofte seier eg det same i klasserommet som på videoen. Då får elevane bodskapen på to måtar, noko som gjer det lettare å treffe ulike læringsstilar.
Medan Elin blir eldre i verkelegheita, sørgjer videoarkivet for at ho alltid er den same for elevane.
– Slik blir eg evig ung!
– Eg håpar å vere til inspirasjon for andre.
På spørsmål om korleis ho får tida til å strekkje til, er ho ærleg:
– Det gjer eg ikkje. Det går rett og slett ikkje opp, seier ho og ler.