Paralympics 2026: Vilde Nilsen tok sitt første gull på sprinten i langrenn
Vilde Nilsen tok eit etterlengta gull i Paralympics. Ho innrømmer at ho har slite mentalt før meisterskapet.
Vilde Nilsen viste knallform og gjekk frå konkurrentane i finalen på langrennssprinten i Paralympics.
Då fekk ho også det etterlengta gullet.
– Eg klarer nesten ikkje å skjønne det. Det er så vanvettig stort for meg å få det til her, seier Vilde Nilsen.
– Det er fantastisk bra. Det har Vilde jobba for i så utruleg mange år. Det ligg så mange år med trening bak akkurat den gullmedaljen her, seier NRKs ekspert Magnus Evenby
Nilsen har to sprint-sølv frå leikane i Beijing i 2022 og Pyeongchang i 2018.
– Eg er nesten tom for ord. Det er fantastisk at det endeleg skulle lukkast, seier Evenby.
Sydney Peterson tok andreplass, medan Natalie Wilkie tok tredjeplassen.
Har prata med psykolog
Etter rennet innrømmer Nilsen at ho har hatt det vanskeleg mentalt.
– Det har vore eit enormt press, og eg veit ikkje, eg har tvilt på meg sjølv kanskje.
Nilsen har ikkje tapt ein klassisk-sprint på åtte år. Ho har også tre VM-gull på distansen frå før.
– Det siste døgnet har eg snakka veldig mykje med Arne som er idrettspsykolog. Me har jobba tett saman. Eg trur det var det som gjorde at eg fekk tankane rett på plass i dag.
Langrennsløparen frå Tromsø græt når ho pratar med NRK etter rennet.
– Det er ti tonn ned frå skuldra mine. Eg har med familien min, venner, kjærasten min på stadion i dag. Det er så mykje greier no at eg klarer nesten ikkje å sette ord på kor stort det er.
I TÅRER: Nilsen var tydeleg rørt då ho prata med NRK etter sigeren.
– Unødvendig stort press
På tribunen sit også mor Kari Nilsen. Ho veit kor hardt dottera har jobba for å skaffe seg sitt første gull.
– Ho har hatt det ganske tøft mentalt. Det har bygd seg veldig opp. Så det er klart at å prestere på dette nivået, det er ganske tøft. Eg trur ho er kjempeletta no, det er me òg.
Dottera innrømmer at ho har sett mykje press på seg sjølv i forkant av meisterskapet.
– Det har kanskje vore eit unødvendig stort press. Mamma har måtte seie til meg at no må du kanskje slutte å seie at du skal ha det gullet, fordi skuffelsen blir så stor om me ikkje klarer det, seier Vilde Nilsen og held fram:
– Det er utruleg gøy å få det til. Det har vore eit press, og no føler me at skuldrene er så mykje lågare. No har eg nådd det eg kan.
Kjartan Haugen og Thomas Oxaal tok seg også til finalar, der blei Haugen nummer fem og Oxaal nummer fire.
GULL: Vilde Nilsen vann sitt første PL-gull.
I tårer etter fall
Endre Lykken fekk det tyngre på sprinten. Han datt i kvalifiseringa, og tok seg ikkje vidare til semifinalar.
– Nei, eg veit ikkje eigentleg. Eg skulle skuva meg rundt svingen, og skia luggar. Eg gjer skyvet, og då får eg rotasjon med heile kroppen, og då har det berre gått til helvete eigentleg, sa ein tydeleg prega Endre Lykken.
Nordmannen kasta av seg stavane då han kom i mål.
Lykken deltek i sitt første Paralympics.
– Eg får berre lære av det, så er det berre veldig kjipt akkurat no, sa Lykken.
Langrennsløparen græt og tek seg gode pausar når han pratar med NRK.
– Korleis er det å få ein slik debut i Paralympics?
– Nei, det ... satsar på at eg blir fort ferdig med fall i kvart fall. Så nei, får berre lære av det, så er det berre veldig kjipt akkurat no.
I den sittande klassa hamna Indira Liseth hamna på ein 12. plass i den sittande klassa i prologen, ho tok seg ikkje vidare etter semifinalen. Der blei ho nummer fem i sitt heat.
– Eg fekk gått mitt beste, så eg er veldig fornøgd, seier Liseth.