Herold

Skatteetaten har problem: – Visingsfeil på våre nettsider

Kilde: NRK Author: Regine Engelina Hatvik Published: 2026-03-11 15:03:21 Last updated: 2026-03-11 16:39:38
Skatteetaten hadde problem: – Kjempegraverande

Linn Løvlie Slette fekk opp at ho kunne representere 14 personar hos Skatteetaten. Ho kjente ingen av dei.

Saka oppsummert:

  • Linn Løvlie Slette fekk opp at ho kunne representere 14 ukjente personar då ho logga inn på Skatteetaten.
  • Feilen oppstod etter ei oppdatering av Skatteetaten sine system, men skal no vere retta.
  • Skatteetaten beklagar for feilen.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Onsdag fekk fleire personar opp ukjente personar i det dei logga inn på Skatteetaten sine nettsider.

Feilen skal no vere retta.

– Etter ei oppdatering i våre system i ettermiddag, oppstod ein kortvarig visingsfeil på Skatteetaten sine nettsider. Denne feilen er no retta.

Det seier pressesjef i Skatteetaten Christer Gilje i ei tekstmelding til NRK.

Seinast 30. mars skal alle ha fått skattemeldinga si. Onsdag har Skatteetaten problem på sine nettsider.

– Kan bli utnytta av feil folk

Linn Løvlie Slette var blant dei som fekk seg ei overrasking i det ho logga seg inn på Skatteetaten.

– Eg skulle sjekke min eigen skatt, men når eg loggar inn så får eg opp at eg kan representere 14 personar, seier ho.

Slette er ikkje verje for nokon, og har heller ikkje fått fullmakt til å representere nokon.

– Då tenkte eg at dette er jo litt skummelt.

Onsdag fekk fleire seg ei overrasking i det dei logga seg inn på Skatteetaten sine nettsider.

Slette torde ikkje å trykke seg inn på namna ho fekk opp.

– Dersom eg kan sjå nokon informasjon er det kjempegraverande. Det kan bli utnytta av feil folk.

Etter å ha oppdaga feilen kontakta ho Skatteetaten direkte.

– Eg håpar at dei undersøker det, og at det ikkje skjer igjen, seier ho.

Jobbar med å rette feilen

Feilen hos Skatteetaten førte til at nokon som logga seg inn «fekk opp ei liste over andre sine namn som dei tilsynelatande kunne sjå informasjon om».

– Våre undersøkingar tyder på at ingen kunne komme vidare for å sjå eller endre andre sine skatteforhold, som til dømes skattemeldinga, seier Gilje.

– Vi beklagar feilen, legg pressesjefen til.

Det er ikkje kjent kor mange som var råka av feilen.

🏷️ Extracted Entities (5)

Skatteetaten Christer Gilje (person) Linn Løvlie Slette (person) Norge 📁 (category) KI (entity) OpenAI (entity)

📊 Metadata

Category: Norge
OpenGraph Title: Skatteetaten har problem: – Visingsfeil på våre nettsider
Twitter Title: Skatteetaten har problem: – Visingsfeil på våre nettsider