Sjå videoen her: Her spurtar fangen som stakk av frå politiet i crocs
Eit overvakingskamera fanga opp den utrulege scena på film då fangen som politiet skulle passe på, klarte å stikke av – i crocs.
Det er nok fleire som har trekt på smilebandet av katt-og-mus-jakta til politiet i Ålesund denne veka. I rein Olsen-banden-stil klarte ein fange måndag å stikke av gjennom ein open garasjeport i politihuset, med to politifolk hakk i hel.
Eit overvakingskamera i området har fanga inn jakta.
Der kjem mannen i raud joggedress spurtande i full fart på nedsida av politihuset. Nokre sekund seinare dukkar to politifolk opp i filmruta, i litt lågare tempo.
– Eg trudde det var ein joggar, det var berre tilfeldig at eg kikka ut, seier eigaren av overvakingskameraet til NRK.
Han har tidlegare fortalt til NRK at han såg heile opptrinnet.
– Eg såg ut, og da kom det ein mann i heil raud joggedress springande. Eg tenkte; det var jævlig fort han jogga han da, seier mannen.
NRK kjenner identiteten til mannen, men han ønsker ikkje å bli namngitt.
Her er politiet sitt bilde av fangen som klarte å stikke av måndag.
Det var Sunnmørsposten som publiserte videoen av flukta først.
Hadde tyngre kle
Politiet klarte ikkje å halde følgje med mannen, trass i at han sprang i opne crocs, som ikkje er rekna for å vere det beste skotøyet til hurtigløp.
Politiet har fått fleire spørsmål om kvifor dei ikkje klarte å hanke han inn, og tysdag forklarte fungerande politistasjonssjef Arne Lid Skodje korleis det gjekk til.
Fungerande politistasjonssjef Arne Lid Skodje meiner rømlingen hadde ein fordel fordi han hadde lettare kle og eit forsprang.
– Det er eit veldig godt spørsmål. Men han har både lettare kle og har allereie eit forsprang i det han vel å springe, og da hadde han tydelegvis høve til å springe frå politiet, sa han til NRK tysdag.
På filmen ser ein politifolka i full uniform og militærstøvlar.
Politiet stoppa alle bilar som passerte gjennom sentrum for å prøve å hente inn igjen fangen som hadde stukke av. Dei lykkast ikkje.
Kraup fram frå loft
Først etter ni timars leiting var jakta over.
Då kraup 19-åringen fram frå gøymestaden sin: eit loft i Steinvågvegen, berre eit par hundre meter frå politistasjonen.
Dermed var ein av dei mest omfattande politiaksjonane i Ålesund sentrum på lang tid over.
Her porten som mandag sto vid open under lufting av ein fange. I ettertid er alle enige om at det ikkje var så lurt.
Han som fanga politijakta på overvakingskamera sitt, er imponert over tempoet til fangen.
– Han burde vere atlet og ikkje kriminell, seier han.
Tysdag blei fangen varetektsfengsla i fire veker, mellom anna sikta for vald, tjuveri og truslar.
Dette er 19-åringen som lurte politiet
19-åringen som klarte å stikke av frå politiet i crocs har det retten kallar ein omfattande straffehistorikk.
Det viser fengslingsavgjerde frå Sunnmøre tingrett tysdag.
Tenåringen er norsk statsborgar, kjem frå Trøndelag, og blei dømd til fengsel der så seint som i fjor vår.
Denne helga er han mellom anna sikta for tjuveri av ein bil i Molde saman med tre andre, i tillegg til innbrot på Ålesund sushi, Mastermat Sushi og Steinovnen i Ålesund og truslar mot politiet då han blei pågripen sist søndag.
Ifølgje avgjerda frå retten er han mellom anna sikta for:
- medverknad til grov kroppsskade
- truslar mot politiet og andre
- fleire tjuveri
- brot på besøksforbod
- kroppskrenking
- skadeverk
Retten legg til grunn at han er inne i ein periode med aktiv kriminell framferd, utløyst av rusbruk.
Retten viser til at han måndag rømte frå politiet, og meiner dette viser at han truleg vil gjere nye straffbare handlingar dersom han blir sett fri. Retten meiner også at det er stor fare for at han kan øydelegge bevis.
Kjelde: Avgjerd frå Sunnmøre tingrett 10.mars 2026