Lèt DNK Eigedom hagen rotna på rot, eller har dei ein plan for Leikanger prestegard?
Plus
Fleire sjeldne tre er nyleg fjerna frå prestegardshagen på Leikanger, som i si tid har gjort inntrykk på biskopar så vel som Henrik Wergeland. Føremålet er å ta vare på hagen, seier prestegardsinspektør Jan Stedje, men etterlèt eit avgjerande spørsmål: Har DNK Eigedom eigentleg ein plan for å forvalta og ta vare på dette unike miljøet for ettertida?
Store tre lever farleg i gamlekommunane: – Me fortener å bli haldne informerte
Fleire hundre års ihuga innsats frå prestar og prestefruer har gjort Leikanger prestegard til eit kulturminne av nasjonalt format. To av dei største botanikarprestane var Jakob Sverdrup, som seinare vart kyrkjeminister i landets fyrste parlamentariske regjering, og Sverre Daae, som mange i bygda enno hugsar. Men den botaniske tradisjonen ved prestegarden strekkjer seg heilt tilbake til Samuel Bugge og Anna Sophie Randulff sist på 1600-talet.
Det kan nemnast at Leikanger prestegard vert omtala som «sjølve idealet av ein vestnorsk embetsgard», er framsidemotiv på bøkene «Norske prestegarder» og «52 opplevingar i Sogn», var ein av hundre historiske prestegardar som ikkje skulle avhendast då buplikta for prestar vart oppheva i 2015, og at bygningsmiljøet med tilhøyrande hage vart freda tidleg på 1990-talet.
I mine 31 leveår har det vore ein syrgjeleg affære å fylgja med på utviklinga, eller rettare sagt forvitringa, av den ein gong så staselege prestegardshagen. Etter at lønssystemet for prestar vart endra kring 1960, slik at presten ikkje lenger skulle stå for drifta av prestegarden, er det Opplysningsvesenets Fond og no DNK Eigedom som har hatt ansvaret. Det ser ut til at strategien er å gjera minst mogeleg, medan hagen rotnar på rot og til sist døyr av seg sjølv.
Dersom føremålet er å ta vare på hagen, nyttar det ikkje med motorsag åleine. Det krev ein plan og ein vilje til nyplanting og vedlikehald. Eg har forståing for at nokre tre må fjernast. Den store nutkasypressen, som delvis bles i venda sist på 1990-talet, var sjuk og måtte sagast ned i 2006. Eg forstår derimot ikkje kvifor to meter av stammen vart ståande, som ei daud beingrind av det som ein gong var, i staden for å rydda opp og planta nytt. No er også himalayaeineren og apeskrekken vekke.
Det praktfulle valnøttreet, som mange i bygda hadde eit særleg nært forhold til, og som i si tid gjorde så sterkt inntrykk på Henrik Wergeland at han søkte på stillinga som sokneprest i Leikanger, bles i venda i 2015. Då sat eg i soknerådet. Me tok opp ynsket om å få planta eit nytt, og fekk inntrykk av at dåverande OVF var fullstendig uinteressert i å gjera noko som helst. Den same haldninga kom for dagen etter at det freda eldhuset brann ned i 2022, då dei utnytta ein fylkeskommunal sakshandsamingsfeil til å sno seg unna kravet om gjenoppbygging.
Diverre har Opplysningsvesenets Fond vore lite anna enn ei pengemaskin utan respekt for den kulturarven dei var sett til å forvalta. Spørsmålet er om arvtakaren, DNK Eigedom, er annleis.
Det er lov å håpa, særleg no når me nærmar oss påske, håpets høgtid. Difor vil eg utfordra prestegardsinspektør Jan Stedje og DNK Eigedom til å fortelja bygdefolket kva plan dei har for å forvalta og ta vare på den eineståande prestegardshagen på Leikanger, på kort og lang sikt.