Herold

Vårt land, demokrati og fridom er verdt ein salutt på 17. mai!

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Lars K. Hansen, innbyggjar i Vik kommune Published: 2026-03-10 18:59:10
Vårt land, demokrati og fridom er verdt ein salutt på 17. mai!

Eg verdsett at me kvar 17. mai startar dagen med salutt, det gir dagen ei høgtidsstemning ingen andre dagar har i løpet av eit vanleg år.

Kanskje fordi eg nokre 17. mai-ar i løpet av livet ikkje har hatt høve til å vere med på heile feiringa, har salutten blitt ekstra viktig. For spesielt dei gongane ein ikkje har kunne vore med på heile feiringa, har salutten ført til att ein likevel har kjent at dette er ein spesiell dag, 17. mai.

I Sogn Avis les ein att 17. mai-komiteen i Vik ønskjer å inkludere fleire, med å fjerne den delen av feiringa som er absolutt mest inkluderande. Salutt inkluderer alle, også dei som ikkje har høve til å delta på andre aktivitetar i løpet av dagen, uansett språk, sosial klasse, alder, helsesituasjon, dei som sit i fengsel eller er på arbeid.

Ynskjer ingen salutt i år: – Hendingane i Midtausten har gjort det endå meir aktuelt

Å fjerne ein tradisjon som er viktig for fleirtalet er heller ikkje bra for inkludering, det er heller motsett. Ein lagar eit narrativ om at det er innvandrarane som ikkje ønskjer salutt, sjølv om sanninga er ei anna. For det er kvite nordmenn i 17. mai-komiteen som ikkje ønskjer salutt og vel å skyve innvandrarane framføre seg, det vil på ingen måte bidra til «inkludering og mangfald». Slike avgjersler kan i ytste konsekvens føre til konflikt og mistillit mellom innfødde og innvandrarar.

Det er ei uroleg verd med krig, uro, store omveltingar og mykje usikkerheit. I vårt eige land opplever me at det me har felles vert utfordra på ulike måtar og det blir større skilje mellom folk og meiningar.

I desse urolege tider er det viktigare enn nokon gong å ta vare på felles verdiar og tradisjonar, alle kan samlast om. For mange er ein høgtidleg salutt på 17. mai-morgonen viktig, når me skal feire vårt land, demokrati og fridom. Fjerne ein felles referansar og tradisjonar, er det med å undergrave dei felles referansane og tradisjonane som har gjort oss i stand til å vere ein samla nasjon gjennom generasjonar. Hadde tidlegare generasjonar gjort tilsvarande hadde me nok ikkje kunne feire 17.mai, slik me gjer i dag. For 17. mai er praksis tradisjonar, halde i hevd og vidareført.

Difor er det skuffande att 17. mai-komiteen i Vik, ikkje er sitt ansvar bevisst og ser at det er viktig å hegne om dei tradisjonelle handlingane som utgjer 17. mai-feiringa. Begynner ein å rokke ved dette, står me i fare for å miste noko me alle har kjært.

I staden for å blande inn situasjonen i Midtausten, vil eg oppmode 17. mai-komiteen i Vik i Sogn til å jobbe for ei tradisjonell feiring til glede for alle innbyggjarar, ikkje skape splid og uro.

Utan 17. mai salutt vert mange skuffa, men eg håper på salutt også dette året, tradisjonen tru.

🏷️ Extracted Entities (2)

Vik (place) Midtausten (entity)