Herold

Ferska i kontroll – køyrde med oljelekkasje og bremsefeil

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Vindedal Published: 2026-03-10 20:31:49
Ferska i kontroll – køyrde med oljelekkasje og bremsefeil

Kontrollørane avdekte ei rekkje brot på tekniske krav og køyrereglar.

180 køyretøy var innom kontrollplassen på Håbakken tysdag. Både tungtransport og personbilar fekk reaksjonar frå kontrollørane.

Ein førar av eit vogntog vart meldt til politiet grunna brot på reglane for køyre- og kviletid. Ein annan førar av eit vogntog slapp unna med ei åtvaring for mindre brot på dei same reglane.

Tekniske manglar

Eitt vogntog fekk teknisk mangel for slitasje på svingskiva. For eit anna vogntog var lista lang:

Kontrollørane fann mellom anna ein knekt hjulbolt, oljelekkasje frå motoren, luftlekkasjar og skada, lause hjulavskjermingar. I tillegg hadde dette køyretøyet problem med bremsane, i form av skeiv bremseverknad på framakselen og bremseheng på boggiakselen.

Eitt vogntog fekk bruksforbod fordi føraren mangla registreringsdokument for semitralla. Føraren måtte dokumentera at han hadde råderett over køyretøyet før han fekk køyra vidare. Her vart det også avdekt manglande lastesikring, noko som førte til krav om tilleggssikring før transporten kunne halda fram.

To personbilar vart avskilta

Også lette køyretøy vart tekne med ulovleg last. Ein varebil med tilhengjar fekk bruksforbod fordi ekvipasjen var overlasta, og sjåføren fekk pålegg om å lasta om før vidare transport.

Ved hjelp av eit ANPR-kamera (automatisk skiltgjenkjenning) langs rv. 5, vart to personbilar fanga opp og stansa. Begge bilane mangla godkjent EU-kontroll, og vart difor avskilta og avregistrerte på staden av kontrollørane.

🏷️ Extracted Entities (3)

ANPR (entity) EU (entity) Håbakken (entity)