Herold

Torget er invitert og dansegolvet står klart: Desse håpar på eit sveitt publikum

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-03-09 17:01:00
Torget er invitert og dansegolvet står klart: Desse håpar på eit sveitt publikum

Ikkje berre stiller Husnes Blueslag med ein fyldig og variert meny – jazzklubben har òg invitert Arne Torget til å vera festleiar.

Fredag 27. mars, i palmehelga, er det duka for bluesfest i Festsalen i Kulturhuset Husnes.

«Då entrar Husnes Blueslag scenen for å servera ein fyldig og variert meny av blueslåter frå eit spekter av store bluesartistar. Vi nemner i fleng: Freddy King, Howling Wolf, Muddy Waters, Albert Collins, Peter Green, Eric Clapton, Duke Robbillard, Fabulous Thunderbirds, Vaughan Brothers og mange fleire», skriv arrangøren Husnes Jazzklubb i ei pressemelding.

Smartembed for https://www.kvinnheringen.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=498079

Klubben har leigd inn showmann og stuntpoet Arne Torget til å «opna festen og krydra bluesmenyen»:

«Han stiller sjølvsagt i fri dressur mellom øktene og kan i tillegg koma til å overraska i samhandling med blueslaget. I blueslaget si glanstid for eit par mannsaldrar sidan, var dansegolvet som regel stint av dansande publikummarar, ofte gjennomvåte av sveitte. Det hadde vore kjekt å fått oppleva det igjen», skriv jazzklubben.

For Husnes Blueslag, som består av vokalist og gitarist Håkon Røstbø, gitarist Finn Tore Hellesen, trommeslagar Ole Bjarte Røssland, pianist Knut Vaage og bassist Kjartan Hansen, blir spelinga denne palmehelga ein slags generalprøve før spelejobb for Bjørgvin Bluesklubb på Madam Felle 15. april.

Jazzklubben håpar å sjå både gamle og nye bluesvenner i Festsalen 27. mars, og gler seg til fest:

«Vi seier som Fabulous Thunderbirds: Let's Rock This Place!».

🏷️ Extracted Entities (12)

Arne Torget (person) Festsalen (entity) Husnes Blueslag (person) Bjørgvin Bluesklubb (person) Finn Tore Hellesen (person) Husnes Jazzklubb (person) Håkon Røstbø (person) Kjartan Hansen (person) Knut Vaage (person) Kulturhuset Husnes (person) Madam Felle (person) Ole Bjarte Røssland (person)