NHO vil overstyra lokaldemokratiet
Plus
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) tek no til orde for at kommunane ikkje lenger skal kunna seia nei til vindkraftutbygging. Det blir presentert som nødvendig for kraftforsyninga og næringsutviklinga. Men det dei ikkje snakkar høgt om, er konsekvensane av energipolitikken dei sjølve støttar.
Vind og solkraft er ustabile energikjelder. Når vinden ikkje bles og sola ikkje skin, må andre kraftkjelder stå klare. I Noreg betyr det vasskrafta vår.
Difor planlegg no Statkraft å bygga om fleire eldre vasskraftverk til såkalla effektverk kraftverk som kan starta raskt for å balansera svingingane frå ustabil vind- og solkraft. Det kan høyrast teknisk og fornuftig ut, men realiteten er at dette kostar store summar.
Og kven skal betala rekninga? Det er vi straumkundane.
I praksis betyr dette at folk flest må betala for eit kraftsystem som blir meir komplisert og dyrare fordi ein bygger ut store mengder ustabil kraft. Samstundes vil NHO svekka lokaldemokratiet ved å ta frå kommunane retten til å seia nei til vindkraft i sine eigne område.
Kommunane sit igjen med naturinngrep, støy og øydelagde landskap. Straumkundane sit igjen med rekninga.
Dette er ein politikk der kostnadene blir sosialiserte, medan vinstane ofte hamnar hos kraftselskap og investorar.
Lokaldemokratiet er ein grunnpilar i Noreg. Folk som bur i eit område må ha rett til å bestemma over eigen natur og eiga framtid. Å overstyra kommunane fordi sterke næringsinteresser ønskjer raskare utbygging, er feil veg å gå.
Vi treng ein energipolitikk som set folk, natur og nasjonal kontroll først, ikkje ein politikk der lokaldemokratiet må vika for press frå sterke interesseorganisasjonar.
Noreg har allereie eit av verdas beste kraftsystem basert på stabil vasskraft. Det bør vi ta vare på, ikkje undergrava. Norsk kraftpolitikk må først og fremst sikra stabile og rimelege straumprisar for folk og norsk industri, ikkje byggast om for å tilpassa seg eit dysfunksjonelt, europeisk kraftsystem basert på ustabil energi.
Spørsmålet er ikkje berre kor mykje kraft vi skal produsera, men kven som skal bestemma, og kven som skal betala.