Snart klart for basar: – Ein av dei viktigaste møteplassane gjennom året
Plus
Idrettslaget Ternen inviterer til årets Ternenbasar søndag 22. mars på Utåker, og alle er velkomne.
– Basaren er ein av dei viktigaste møteplassane for laget vårt gjennom året, og me håpar mange tek turen for å dela ein triveleg ettermiddag saman med gode sambygdingar i godt lag, melder Julie Holmedal Askeland i Ternen.
Ho legg til overfor Kvinnheringen at sjølv om basaren er på Utåker, så er folk frå heile kommunen som har lyst til å støtta idrettslaget hjarteleg velkomne.
Og for Ternen er inntekta frå denne basaren heilt avgjerande for at laget kan halda fram med å tilby eit lågterskeltilbod for alle, både gjennom ulike aktivitetar og dei populære skiløypene i vintersesongen.
– Utan den flotte givargleda frå bygdene kunne me ikkje drive i den skalaen me gjer, og me ønskjer å retta ei stor takk til alle som bidreg. Me kan røpa at det er kome mange flotte vinstar til både loddbøker og åresal, så her er det berre å gle seg! skriv Askeland.
På programmet denne søndagen står åresal med mange flotte premiar, trekning av boklotteriet og trekning av turbøker, og elles informasjon om stoda i klubben og aktivitetar framover. Som seg hør og bør blir det sjølvsagt servert gratis kaffi og kaker.
– Me håpar mange har høve til å koma innom, og trur det blir ein kjekk og sosial ettermiddag i Utåker Bygdahus. Vel møtt! helsar Askeland på vegner av IL Ternen.
Peikar på tre alternativ – mål om byggestart i 2027