Jonas (25) vann tur til poker-NM: – Hadde ikkje sett det for meg
Plus
Om Jonas Røstbø frå Husnes spelar korta sine rett, kan han bli landets beste elektrikar i poker.
Denne veka skal tusenvis av nordmenn kjempa om gjæve titlar rundt pokerborda i Bratislava. Blant dei som stiller til start er Jonas Røstbø frå Husnes.
– Eg har aldri deltatt i NM før, og hadde eigentleg ikkje sett for meg å reisa til Bratislava, men eg måtte ta sjansen då eg fekk denne moglegheita, seier Jonas.
Sjansen han snakkar om har han sikra seg sjølv gjennom å slå 64 andre i ei gratis-turnering.
– Eg vann ei pokerturnering for elektrikarar i Vestland. Her representerte alle den bedrifta dei jobbar hos, som for meg er Siemens Energy. Den sigeren sikra meg gratis reise og opphald til Bratislava, seier han.
Ha det kjekt
I den slovakiske hovudstaden skal 25-åringen frå Husnes, som no bur i Bergen, kjempa mot dei andre regionsvinnarane i landet om den gjæve tittelen «Norges beste elektrikar 2026». Vinnaren av denne sikrar seg ein billett til hovudturneringa i NM.
– Målet med NM er eigentleg berre å ha det kjekt. Eg tenker at eg kjem til å delta i hovudturneringa uansett korleis det går i elektrikar-NM, seier Røstbø.
Kanskje dukkar karen frå Husnes opp på TV-bordet ein gong i løpet av turneringa. I så fall kan du sjå korleis han gjer det på Kvinnheringen.no, som gjennom Direktesport sender direkte frå poker-NM i Bratislava.
Norgesmeisterskapen i poker