Herold

– Me har forståing for at stengde tunellar kan skapa utfordringar

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marit Folkedal Lussand Published: 2026-03-10 09:42:32
– Me har forståing for at stengde tunellar kan skapa utfordringar

Tysdag 17. mars held Vegvesenet øving i Butunnelen. Då vert tunellen stengd frå klokka 17 til 18.30.

Det vert ingen omkøyring for privatbilistar i området. Naudetatar vil sjølvsagt sleppa igjennom, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Me har forståing for at stengde tunellar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at me gjer dette nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunellane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.

I øvinga skal det verta brukt ei røykmaskin, for å simulera røyk etter bilbrann i tunell.

– Etter øvinga kjem røyken ut av tunellen. Han vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna rask.

Naudetatar frå Eidfjord skal også delta i øvinga.

– Ved å øva saman med naudetatane drillar me våre rutinar og syrgjer for at beredskapslinjene er best mogleg førebudd den dagen ein situasjon skulle inntreffa.

Kart med ID 498826

🏷️ Extracted Entities (6)

Statens (entity) Butunnelen (entity) Eidfjord (place) ID (entity) Ove Edgar Amundsen (person) Vegvesenet (entity)