Herold

Kompani Lauritzen inviterer til folkefest: – Håpar så mange som mogleg kjem

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sara Finne Kayser Published: 2026-03-10 12:03:55
Kompani Lauritzen inviterer til folkefest: – Håpar så mange som mogleg kjem

– Oberst Dag Otto Lauritzen ynskjer å gje ein stor takk tilbake til Voss herad.

I desse dagar held Kompani Lauritzen på med innspelinga av «Tropp 5» på Voss og i Bømoen leir. I denne sesongen, som vert sendt på TV til hausten, skal unge vaksne i lag med ein forelder få prøva seg i kompaniet sitt strenge regime.

Fredag klokka 13:30 inviterer produksjonsselskapet til det dei kallar ein folkefest, med parade og seremoni ved Voss kulturhus.

– Innspelinga av Tropp 5 er i full gang, og nok ein gang får me bruka dei fantastiske områda rundt og på Voss. Dag Otto Lauritzen og Kompaniet ynskjer å takka Voss, lokalbefolkninga og alle lokale støttespelarar. I den anledning vil me avduka ei gåve til ære for Voss, står i det i pressemeldinga frå produksjonsselskapet Seefood.

Drill med fenriken

Eline M. Strøm, linjeprodusent i Seefood TV, seier at dei planlegg ein parade på grassletta ved Voss kulturhus.

– Her skal kompaniet visa fram det årets Tropp-aspirantar har lært av drilloppvisning, under solid leiing av fenrik Geir Aker. I tillegg vil det bli talar, seier ho.

Strøm seier at alle dei kjende fjesa frå TV-produksjonen vil vera til stades.

– Både kompaniet sine aspirantar, offiserar og anna befal ser alle frå til å vera til stades under paraden. Det er ikkje ofte dei får moglegheit til å visa si takksemd til lokalbefolkninga på denne måten, seier ho.

– Vil bli filma

Strøm seier at ordførar Tonje Ljones Såkvitne er spesielt invitert til paraden.

– I tillegg vil lokale krefter hjelpa kompaniet med korpsmusikk.

– Kor mange vossingar håpar de kjem?

– Oberst Lauritzen håpar så mange som mogleg av heradet sine innbyggjarar, i alle aldrar, vil ynskja å ta turen på fredag. Dessutan kan kompaniet si presseavdeling verken stadfesta eller avkrefta dei mange rykta om at paraden også vil by på ei overrasking av noko slag, seier ho.

Og dei som dukkar opp, vil kanskje kunna sjå eit glimt av seg sjølv på TV til hausten.

– Paraden vil bli filma og bli ein sentral del av Tropp 5-programmet, avsluttar Strøm.

Kompani Lauritzen må flytta delar av produksjonen frå Voss

🏷️ Extracted Entities (10)

Seefood TV (organization) Voss (entity) Kompani Lauritzen (person) Oberst Dag Otto Lauritzen (person) Tropp 5 (entity) Eline M. Strøm (person) Bømoen (entity) Geir Aker (person) Kompaniet (entity) Tonje Ljones Såkvitne (person)