Herold

Ja takk til open debatt – men også ærlegdom om vala

Plus
Kilde: Firda Author: Jan Erik Kjerpeseth, Konsernsjef i Sparebanken Norge, Vestlandet Published: 2026-03-10 09:58:54
Ja takk til open debatt – men også ærlegdom om vala

Det må vere rom for ulike syn i sparebanksektoren. Det skriv Trond Teigene i Firda. Det er vi heilt einige i. Men open debatt krev også ærlegdom om vala som blir gjorde.

Sparebankmodellen rommar ulike løysingar. Nokre bankar ønskjer å dele ein del av overskotet med kundane gjennom kundeutbytte. Andre vel å ikkje gjere det. Begge delar er legitime val. Problemet oppstår når det blir skapt feilaktige og konstruerte motsetningar mellom kundeutbytte og støtte til frivillig sektor. Når enkeltbankar jobbar for å innskrenke andre bankars mogelegheiter.

I dialog med politikarar i fylket registrerer vi at fleire etter informasjonsmøte med banken sit igjen med eit inntrykk av at kundeutbytte må avviklast – elles blir det mindre pengar til lag og organisasjonar. Det kunne knapt vore meir feil. Erfaringane frå bankar som har innført kundeutbytte viser at begge delar kan styrkast samtidig.

Vi innførte kundeutbytte i 2019. I åra før låg gjennomsnittleg årleg gåvebeløp på rundt 220 millionar kroner. Etter innføringa har vi sjudobla gåveverksemda til 1,53 milliardar kroner. Ingen andre sparebankar deler ut meir til frivilligheita.

Teigene etterlyser også kva vi bidreg med i Sogn og Fjordane. Våre berekningar viser at med 1,53 milliardar kroner avsett til gåver i 2026 vil vi – justert for storleik – dele ut meir til lokalsamfunn enn SpareBank1 Sogn og Fjordane har gjort i gjennomsnitt dei siste fire åra i Sogn og Fjordane.

I tillegg kjem 52 millionar kroner i kundeutbytte til våre kundar i Sogn og Fjordane i 2026 – i ei tid med høge renter og pressa hushaldsøkonomi. Dette kjem på toppen av konkurransedyktige vilkår for kundane. Begge bankane hadde i 2025 om lag same utlånsmargin i personmarknaden.

Med andre ord: Kundane kan få både gode bankvilkår, ein del av verdiskapinga gjennom kundeutbytte – og sterke bidrag til frivilligheita.

I lys av Sparebankutvalet er spelereglane for sparebankane igjen oppe til vurdering. Dersom SpareBank1 Sogn og Fjordane ønskte å dele meir av overskotet med kundane, kunne dei til dømes arbeide for løysingar der stiftinga deler ut kundeutbytte – slik Gjensidigestiftelsen gjer. At dei ikkje ønskjer det, er ein ærleg sak. Men då bør ein også vere open om det valet.

Vi respekterer fullt ut at SpareBank1 Sogn og Fjordane vel ein annan modell enn oss. Det vi har vanskelegare for å forstå, er at banken samstundes arbeider for at våre kundar ikkje skal få ta del i verdiskapinga.

Akkurat no jobbar SpareBank1 Sogn og Fjordane, saman med DNB, for at 18 000 av våre kundar i Sogn og Fjordane skal miste 52 millionar kroner i kundeutbytte som vi planlegg å betale ut i april. I 2025 fekk våre kundar i Sogn og Fjordane 58 millionar kroner i kundeutbytte.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane hadde ved utgangen av 2024 (siste årsrekneskap) verdiar på om lag 10,1 milliardar kroner, basert på ei verdsetjing av bankens eigenkapitalbevis på nivå med Rogaland Sparebank. Eit forsiktig anslag viser at stiftinga auka sin verdi med over ein milliard berre i 2024.

Samstundes vart det delt ut 75 millionar kroner i gåver i 2024 – berre 11,9 prosent av overskotet stiftinga mottok frå banken og om lag 0,74 prosent av kapitalen i stiftinga. Statens Pensjonsfond Utland har til samanlikning ein handlingsregel på 3 prosent. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er såleis i realiteten eit oljefond på speed.

Det reiser eit naturleg spørsmål: Kor mykje kapital er nok før meir kjem kundane og lokalsamfunna til gode? Kva sparer ein til?

Til samanlikning deler Sparebanken Norge direkte ut 100 prosent av det som ikkje trengst til vidare vekst av samfunnskapitalens del av overskotet.

Med andre ord kunne SpareBank 1 Sogn og Fjordane i praksis ha mangedobla gåveutdelingane – og samtidig hatt kundeutbytte på nivå med vårt.

Då er spørsmålet om det er så klokt å arbeide for å svekkje delar av sparebankmodellen. Rammevilkår blir gjerne ståande lenge. Det kan jo hende at ei framtidig leiing i banken ønskjer å dele ein del av overskotet med kundane som har vore med på å skape det.

Vi respekterer valet om å byggje opp kapital i stiftingar framfor å dele meir ut til kundar eller lokalsamfunn. Men respekt for ulike val må gå begge vegar. Det betyr også at ein arbeider for eigne rammevilkår – ikkje for å svekkje andre sine.

Denne våren skal Stortinget ta stilling til framtida til sparebankmodellen. Erfaringar frå fleire europeiske land viser at når sparebankanes særpreg og eigarstruktur gradvis blir svekka, endar det ofte med konsolidering og oppkjøp – og færre lokale bankar.

Difor smerter det å sjå at nokre aktørar no har slått seg saman for å svekkje delar av sparebankmodellen. Vi skulle heller ha stått saman om å styrkje sparebankmodellen – og sikre konkurransekraft i møte med dei store forretningsbankane.

For sparebankmodellen handlar i bunn og grunn om det same som den alltid har gjort: å skape verdiar lokalt – og la dei kome både lokalsamfunn og kundar til gode.

Sparebankmodellen er sterk nok til å romme begge delar:

Sterke lokalsamfunn – og kundar som får ta del i verdiskapinga.

Bygg lokalsamfunn, ikkje pengebinger

Går hardt ut mot Førde-banken: – Det er mogleg å gjere begge deler

Det må vere rom for ulike syn i sparebanksektoren

🏷️ Extracted Entities (11)

Fjordane (entity) SpareBank1 Sogn (organization) Rogaland Sparebank (person) DNB (entity) Førde (entity) Gjensidigestiftelsen (entity) Sparebanken Norge (person) Sparebankutvalet (entity) Statens Pensjonsfond Utland (person) Stortinget (entity) Trond Teigene (person)