Reinskelag på plass tysdag
Plus
Det er sett ein dato for ny vurdering av rasvegen i Eikefjord. Men når sjølve opninga blir, er enno høgst uvisst.
Søndag gjekk eit større ras over fylkesveg 5697 mellom Nyttingnes og Sandvik i Eikefjord i Kinn. Raset isolerer bebuarar på Sandvik-sida, og det vart tidleg klart at det vil vere tidkrevjande å rydde rasstaden og vegen.
Geolog: – Skal spyle fjellsida med helikopter
Statens vegvesen sine vegmeldingssider syner at ny vurdering av fylkesvegen er sett til måndag 16. mars klokka 12.00.
Men byggjeleiar for driftskontrakt Sunnfjord Nord i Vestland fylkeskommune, Dagfinn Sande, fortel at dette ikkje er einstydig med at vegen då vil bli opna att.
– Det er for å ta ein status for korleis arbeidet ligg an, seier han.
Som geologen på staden gjorde dagen i førevegen, fortel også Sande at det er eit omfattande arbeid som står att.
Kom brått på raset: – Var flaks at eg var litt treig denne dagen
– Det er ein tidkrevjande jobb, både med fjellreinsking og kanskje bolting i fjellet. I tillegg veit vi ikkje enno omfanget av skadane på sjølve vegen.
Arbeidet starta måndag. Då var planen å byrje å reinske skredløpet med helikopter. Byggeleiaren fortel at helikopteret kom på plass, og at dei fekk spylt.
Deretter skulle eit reinskelag på plass, for å reinske og sikre skredløpet ytterlegare.
– Så tek vi vegen når skredløpet er rydda og sikra så godt som mulig.
Eit arbeid som byggjeleiaren fortel er vanskeleg å setje eit tidsperspektiv på. Det kan dukke opp komplikasjonar og utfordringar undervegs, og ikkje minst så kan vêr og vind stoppe eller utsette delar av arbeidet.
Oppdaga eit stort hol midt i vegen: – Trudde nokon hadde kollidert
Hordalendingar ut i BT: – E39 i Sogn og Fjordane viktigare enn Hordfast