Kjernekraft i Sunnfjord?
Plus
Dr.ing. Åse Juvell Berg har i Firda 3. mars eit kompetent innlegg om handsaming av radioaktivt avfall også som gjeld små kjernereaktorar. Vi vil heller ikkje blande oss inn i ev. kompetansestridar mellom NND, DSA og IFE. Og sjølv om vi kjenner til diskusjonane for nokre år sidan om tryggleiken i IFE sitt mellomlager i Himdalen, er vi er ganske sikre på at med all den kunnskapen desse institusjonane har opparbeidd, fører til trygg lagring av avfallet i framtida.
Dette er også eit avgjerande punkt i Energidepartementet sine krav til såkalla Tiltakshaver, utsendt i januar i år. Krava går fram i detalj i eit 45 siders «Utredningsprogram for kjernekraftverk i Taftøy næringspark i Heim og Aure kommunar». Denne utgreiinga vert lagt til grunn for neste trinn, ei ev. konsesjonshandsaming. Sunnfjord næringspark har sjølvsagt ikkje starta tilsvarande arbeid, men bør ha opning i energiplanen for å ta stilling til om ein skal starte arbeidet før køen blir for lang.
Berre hugs at det finnast ikkje nokon anna industri i verda med så strenge krav som kjernekraft. Vi kan kjenne oss trygge. Det blir også ofte hevda at Noreg ikkje har kompetanse. Dette er feil, vi har kompetanse og infrastruktur til å utvikle oss, både eit utmerka kraftsystem, vi har gode tekniske universitet og høgskular, forskingsinstitusjonar, og tett samarbeid med andre land. Og vi har erfaring med å tileigne oss kompetanse på nye område. Vi hadde ingen kompetanse på området då ein fann olje i Nordsjøen, det var amerikanske og britiske ingeniørar som starta utvinninga. Men vi bestemde at denne kompetansen skulle vi overta. Statoil vart starta opp i 1972 og gjennom 10–15 år var kompetansen overført. Statoil vart det fremste oljeselskapet i verda på offshore utvinning av olje og gass.
Vindkraft på land eller store vassdragsutbyggingar vert det neppe meir av i Noreg. Vindkraft er dessutan ein dårleg teknologi som ikkje held mål dersom vi meiner noko om reduksjon av klimautslepp, naturtap og livskvalitet for menneske og dyr. Den er heller ikkje økonomisk berekraftig dersom dei store samfunnskostnadane for ustabil kraft vert rekna med.
Og dersom norsk sviktande energipolitikk skulle mot tru tillate meir utbygging av vindkraft og trosse motstanden frå fleirtalet i folket, skal krafta disponerast av Statnett både for å balansere og bruke krafta for tildeling i køen dei allereie har opparbeidd. Resultatet vert uansett, etter kort levetid ligg naturøydinga og skrothaugar igjen i fjella våre.
Så håpar vi at vår frivillige innsats for å vise ein veg til nyskaping i Norge og i vårt distrikt kan bety noko positivt for framtida.
Moskog er ikkje ein stad for luftige kjernekraftplanar
Moskog er ikkje ein stad for luftige kjernekraftplanar
Kjernekraft i Sunnfjord?