Herold

Hovedlandsrennet: Leonora slo landets beste også i skiskyting

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Keth Odland Published: 2026-03-10 11:02:01
Hovedlandsrennet: Leonora slo landets beste også i skiskyting

Helga etter at ho utklassa alle i Hovedlandsrennet i langrenn, gjorde Leonora Utheim Svela det same i skiskyting. På normaldistansen var ho over minuttet betre enn nest beste jente.

Hovedlandsrennet i skiskyting, der landets beste i 15- og 16-årsklassane deltar, blei arrangert på Stormoegga skiarena i Folldal frå fredag til sundag i sist veke. Blant deltakarane i 16-årsklassen var Leonora Utheim Svela. Ho har nærmast gjort det til ein vane å klatra til topps på pallen når ho konkurrerer med ski på beina. Helgas konkurranse var ikkje noko unntak.

Etter at ho på fredag blei nummer seks i konkurransen skiskytarcross, med ulike innlagde øvingar gjennom ei 4 kilometer lang løype, var ho klar favoritt på normaldistansen dagen etter. Og Leonora innfridde. Med to bom, begge på første skyting, vann ho med ikkje mindre enn eitt minutt og sju sekund på nummer to, Mia Moen Mikkelsen frå Tynset IL. Også både Moen Mikkelsen og Ane Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, skaut to bom. Men sjølv utan strafferundar hadde dei to neppe klart å tukta ungjenta frå Bjerkreim. Løparane brukte rundt 20 sekund per strafferunde.

Sundag gjekk Leonora første etappe på Agder og Rogaland skiskytarkrets sitt lag på 3x4 kilometer stafett. Ho veksla først, men lagvenninnene klarte ikkje heilt å følga opp, så laget enda til slutt på sjetteplass.

Både i langrenn og skiskyting er Hovedlandsrennet rekna som uoffisielt NM for 15- og 16-åringane. Prestasjonen til Leonora Utheim Svela i Folldal var nærmast ein reprise av det ho gjorde helga før på Savallen, under Hovedlandsrennet i langrenn. Då var ho i ein klasse for seg på 5 kilometer fristil, vann langrennscross-konkurransen og sikra stafettlaget ein sterk andreplass med ein overbevisande ankeretappe.

Hovedlandsrennet: Leonora knuste alle på 5-kilometeren og sikra sølv på stafetten

🏷️ Extracted Entities (12)

Leonora Utheim Svela (person) Hovedlandsrennet (entity) Folldal (place) Mia Moen Mikkelsen (person) Agder (entity) Ane Hjelmeset Kirkeeide (person) Bjerkreim (entity) Markane IL (organization) Rogaland (place) Savallen (entity) Stormoegga (entity) Tynset IL (organization)