Herold

Ballen byrjar å rulle for Per-Owe: Men ein ting gjev han aldri opp

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-09 17:32:59
Ballen byrjar å rulle for Per-Owe: Men ein ting gjev han aldri opp

– Eg hentar mykje frå mitt eige liv. Ein får bra materiale av å jobbe i kommunen.

Per-Owe Helle kjem gåande ut frå omsorgsbustaden i Knarvik. Her jobbar han kvar måndag og kvar tredje helg. Resten av veka står han på scena og prøver å få folk til å le.

No har ballen byrja å rulle for Per-Owe. I tillegg til stand up-show i Bergen og Oslo, får han fleire privat- og eventoppdrag. Det er dette som verkeleg gjev grunnlaget for å kunne leve av stand up.

Likevel. Omsorgsjobben i kommunen kjem han ikkje til å gje opp.

– Har eg ein dårleg dag og kjem på jobb, blir eg glad med ein gong, folka her er så positive med godt humør, seier Helle, som byrja i jobben etter ti år som lagerarbeidar.

– Eg set verkeleg pris på det og dei set pris på at eg er her og hjelper dei. Eg har aldri grua meg til å gå på jobb.

I tillegg har arbeidet ein heldig sideeffekt.

– Eg hentar mykje frå mitt eige liv i standupen og ein får bra materiale av å jobbe i kommunen.

Eit stort steg

På toppen av ein full kalender, arrangerer han jamleg stand up show på Meieriet på Frekhaug.

– Eg prøver å sy saman ein god pakke, med ein litt kjent headliner. Sist var det heilt smekk fullt.

No er han klar til å ta eit stort steg innan komiverda. 24. april og 8. mai har han soloshow på Ole Bull Scene i Bergen, der han skal underhalde publikum ein heil time.

– Det er skummelt og spennande på same tid, men teatersjef Sølvi Rolland sa eg berre måtte hoppe i det.

Dei fleste standupkomikarar gjer 15–20 minutt sett. Å skulle setje opp eit heilaftans show, krev mykje jobbing med dramaturgi og struktur. Med seg for å hjelpe med dette har han komikarkollega Eirik Krokås.

– Det er eit stort steg opp på fjellet for meg dette, det er ikkje så mange som får sjansen, fortel Helle.

Treng pengane

Med slike show blir ein også meir attraktiv for den innbringande eventmarknaden. Noko som kan verke å kome godt med. Showet hans heiter enkelt og greitt «Trenger penger», og i skildringa står det:

Det er vanskelig å leve av standup, men Per-Owe Helle prøver likevel. Dette er hans første helaftens standup show, hvor han deler sin reise fra livets mørkeste kjeller til de mest absurde høydepunktene.

– Det går bra, men varierer sjølvsagt frå månad til månad. Hadde eg budd i Oslo ville det nok vore lettare, men eg har ikkje tenkt å flytte frå Nordhordland, seier karen frå Frekhaug.

– Ein må berre jobbe hardt, så kjem det etter kvart.

Odin droppa skulen då han var 16 år: No startar han eige firma

Bodkrig på heitt objekt: – Det har vore enorm interesse

Meir enn ei vanleg oppussing: Tek praktbygget tilbake til 1700-talet

🏷️ Extracted Entities (11)

Per-Owe Helle (organization) Bergen (entity) Frekhaug (entity) Oslo (place) Eirik Krokås (person) Knarvik (place) Meieriet (entity) Nordhordland (place) Ole Bull Scene (person) Sølvi Rolland (person) Trenger penger (entity)