120 bidrog i mållaget si skrivekonkurranse
Plus
Det vart i samband med årsmøtet sist helg delt ut i alt ni premiar i Valdres Mållag si årlege skrivekonkurranse.
ETNEDAL:– Vi er godt nøgde med deltakinga i skrivekonkurransen vår, fortel leiar i mållaget, Marianne Granheim Trøyflat. Konkurransen var delt inn i tre kategoriar, og i alt kom det inn 120 bidrag. Det vart premie på dei tre beste i kvar kategori.
Småskulen:
pr. Tiril Solemsli, 4. kl. Vang barne- og ungdomsskule (VBU)
pr. Meta Lapinskaite, 4. kl. VBU
pr. Jasper Daniel Kats, 4. kl. Vestre Slidre
Mellomtrinnet:
pr. Mathilde Berge Egge, 7. kl. VBU
pr. Jurre Merijn Kats, 6. kl. Vestre Slidre
pr. Ingebjørg Børhus, 5. kl. VBU
Ungdomsskulen:
pr. Tærænåm Joodaki, 10. kl. Vestre Slidre
pr. Nils Amundsplass, 10. kl. Hedalen
pr. Elisabeth Hedalen-Heggset, 8. kl. Øystre Slidre
– Det vart sendt ut invitasjon til alle skulane i Valdres, og at vi fekk attende så mange bidrag, synest vi er veldig bra. Det er også gledeleg at bidraga held eit høgt nivå, fortel Granheim Trøyflat.
Marte Iren fekk målprisen 2026