Politijakt i Ålesund: Mannen blei pågripen like ved politistasjonen
Mannen som politiet har leita etter heile tysdag blei pågripen på open gate på Aspøya i Ålesund like før midnatt.
Politiet opplyser klokka 23.45 at dei har pågripe den forsvunne 19-åringen etter å ha leita heile dagen. Publikum skal ha tipsa om at ein mann sprang forbi i raud joggedress, berre eit par hundre meter frå politistasjonen.
Det viste seg å vere 19-åringen som tidlegare på dagen stakk av frå politiet under ein luftepause utanfor politihuset.
– Etter litt søk påtraff vi fyren, seier operasjonsleiar Arild Reite.
Pågripinga skal ha skjedd utan dramatikk, og no må 19-åringen tilbake i arrest.
Det har vore uvanleg mykje politi i ålesundsgatene måndag.
Vil ikkje svare på om det er pinleg
Reite seier at dei ikkje veit nøyaktig kvar tenåringen har opphalde seg, men at det truleg har vore like ved politihuset.
– Det er all grunn til å tru at han har gøymt seg i nærleiken, og no kom ut for å sjå om kysten var klar, seier Reite.
Han vil ikkje svare på om saka er pinleg for politiet i Ålesund. Først klarte 19-åringen å stikke av i crocks, deretter å gøyme seg for store styrkar, droner og hundar i timevis.
Mannen som politiet har leita etter er sikta for ei rekke lovbrot, og er ein av tre som som i helga blei sikta for grov kroppsskade.
Politiet har brukt dronar i jakta på 19-åringen.
Søkte på tak og inne i hus
Det har vore eit stort politioppbod i Ålesund måndag, med ekstramannskap frå nærliggande distrikt.
Uniformerte politifolk har gått inn i fleire hus i ytre bydel for å sjå om han gøymer seg der. Dei har også søkt på taket av fleire bygg på Aspøya, der politihuset ligg.
Tidlegare måndag ettermiddag var det også stor aktivitet rundt ei fiskeribedrift i området.
Det har også vore leita frå sjøsida, utan hell.
Det blei raskt avgjort at søket skulle foregå vidare utover natta, men med noko mindre kapasitet.
– Vi har kapasitet både i mørkret og i dagslys. Openbart er det mørkare og vanskelegare å sjå, men vi held fram, sa operasjonsleiar Sindre Molnes måndag kveld.
Politiet leitar både innandørs og utandørs i Ålesund. Her undersøkjer dei ei leiligheit.
Publisert bilde av rømlingen
Klokka 21.05 gjekk politiet ut med bilde av 19-åringen. På bildet var han kledd i svart dunjakke og lue, og det som ser ut for å ha ei tatovering på den eine handa.
Det var kort tid etter at innsatsleiar Olav Ramnefjell bad 19-åringen om å kome fram frå skjulestaden sin, på direkten på Dagsrevyen klokka 19.
– Eg ønskar å be vedkomande, dersom han ser på no, om å melde seg, for vi kjem nok til å finne vedkomande før eller seinare, sa han.
Det er heilt uvisst om det var dette som fekk 19-åringen til å springe ut i gata like før midnatt.
- Vil halde fram til han er funnen
Politiet leitar etter 19-åringen.
Skal ha rømt under lufting
Det gjenstår endå å få vite detaljar om kva som konkret skjedde då 19-åringen klarte å stikke av. Politiet var kort i si forklaring tidlegare måndag.
– Han har stukke av frå politivaretekt, konstaterte operasjonsleiar Sindre Molnes.
– Korleis er det mogleg?
– Det må vi komme tilbake til, eg vil ikkje gå inn på det.
Mannen skal ikkje ha hatt våpen, og ingen av politifolka han stakk av frå, skal ha blitt skadd.
Folk blei likevel åtvara mot å ta kontakt med mannen, dersom dei kom over han.
Direkterapport frå Hellebroa i Ålesund.
– Tenkte det var jævlig fort han jogga
NRK har snakka med ein mann som trur han såg mannen da han rømte.
– Eg såg ut, og da kom det ein mann i heil raud joggedress springande. Eg tenkte; det var jævlig fort han jogga han da, seier mannen.
Bak kom ifølge mannen to politifolk.
NRK kjenner identiteten til mannen, men han ønsker ikkje å bli namngitt.
Kai Johansen har låst døra, men er ikkje bekymra.
Kai Johansen bur like ved politistasjonen. Tidlegare måndag fortalte han at han hadde låst døra.
– Eg bur på Aspøya, men er ikkje redd. Eg har full tillit til at politiet finn han, seier Kai Johansen.
Kirsti Dale seier ho tok ein ekstra kikk før ho gjekk ut måndag.
– Litt spennande og litt nifst. Eg sjekka bakgarden før eg gjekk ut for å vere heilt sikker på at det ikkje var nokon som gøymde seg der, seier ho og legg til:
– Det er heilt sjokkerande at han har klart å rømme. Og såg ein så farleg fyr som dei seier han er. Det er skammeleg, altså.
Kirsti Dahle er ikkje imponert over at ein mann har stukke av frå politiet.