10 år etter vedtaket – slik vi ser det
I juni er det 10 år sidan Midsund kommune fatta vedtak om å slå seg saman med Molde. Midsund vart ikkje tvangssamanslått. Kommunestyret vedtok samanslåinga den 23. juni 2016, med 10 mot 7 stemmer.
10 år etter vedtaket – slik vi ser det
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Bakgrunnen for kommunesamanslåinga var at eit stort fleirtal på Stortinget såg behovet for å endre kommunestrukturen. Eit berande prinsipp skulle vere generalistkommuneprinsippet, dvs. at kommunane skulle vere så store at dei kunne løyse dei fleste oppgåvene sjølve. Kommunane er sett til å forvalte ei rekkje lover og forskrifter uavhengig om kommunen var stor eller liten. I tillegg sleit Midsund kommune med dårleg økonomi og utfordringar med å skaffe fagfolk på fleire område. Både i 2012 og 2018 kom kommunen på Robek-lista. Dette til trass for at vi hadde lagt ned både skule og barnehage.
I forkant av vedtaket vart det gjennomført ei rekkje undersøkingar, innbyggjarhøyringar, folkeavstemming og inngåing av intensjonsavtalar. I intensjonsavtalen med Aukra var det ein føresetnad at Kjerringsundet måtte på plass, før ei eventuell kommunesamanslåing kunne verte aktuelt. Resultatet av folkeavrøystinga på Aukra viste at knapt 60 % stemte for at Aukra framleis skulle vere eiga kommune, mens 24,1 % stemte for å slå saman Aukra og Midsund. Innbyggjarundersøkinga eitt år tidlegare viste omtrent same resultat. Dagen etter folkerøystinga var politikarane på Aukra tydelege på at dei ville respektere resultatet. Sjølv om heile 73 % av innbyggjarane i Midsund stemte for eit alternativ med Aukra, vart det klart at ein ikkje kunne fri til ei brud som sa nei. Derfor var samanslåing med Aukra aldri ein veg å gå.
I etterkant har det, både i sosiale medium og i avisinnlegg, i stor grad blitt peika på alt som vart negativt når Midsund blei ein del av Molde kommune. Vi føler eit behov for å peike på fleire positive sider ved å vere ein del av ein større kommuneøkonomi og ein del av eit breiare kompetansemiljø.
Midsund skule
Oppgraderinga, med ein netto kostnad på over 130 mill., har blitt eit løft for både lærarar og elevar. Samskaping mellom kommune, arkitektar, utbyggjarar og brukarar førte til berekraftige og brukarsentrerte løysingar både for uteområdet og sjølve skulebygget. Å vere ein del av ein større kommuneøkonomi førte til gjennomføringskraft og godt resultat.
Cinderella Arena
Grunnarbeidet av tomta oversteig 15 mill.. I tillegg gav Molde kommune garanti, forskotterte tippemidlane og gjekk inn med årlege leigeavtalar med Midsund idrettslag for både Cinderella Arena og Midsundhallen. Sjølv om dugnadsinnsatsen var stor, og det lokale næringslivet stilte opp, hadde det ikkje vore mogleg å finansiere Cinderella utan bidraga frå Molde kommune i følgje dåverande leiar i Midsund idrettslag.
Oppgradering av sentrum
Antonbua med nærliggande uteområde, Tusenårsplassen, flytande gangveg frå Midsund marina til Tusenårsplassen samt utviding av veg bak Senteret og ovanfor Tusenårsplassen blei og finansiert av midlar i intensjonsavtalen. I tillegg er ein avtale inngått mellom Romsdalsmuseet og Molde eigedom om bruk av første etasje i Antonbua til utstillingar. Første utstilling er planlagt til sommaren.
Veg til Holsvatnet
Naboar av Rakvåg skyttarlag sitt anlegg kravde støyskjermande tiltak. Støyvollen, som skyttarlaget bygde, førte til fleire hundre lastebillass på gamlevegen, og eit ønske om utbetring av vegen kom. For å løyse ei konflikt, blei oppgradering og ny asfalt ei god løysing for grunneigarane, Rakvåg skyttarlag, naboane og for turinteresserte.
Vatn og avløp
Vatn- og avløpssystemet vert no utbetra, og vi får eit vassbehandlingssystem i tråd med krava som er i dag. Molde kommune overtok ein dårleg infrastruktur på dette området og reknar med å investere 250 mill. i Midsund dei næraste ti åra. Arbeidet med dette er i gang i Stormyra industriområde. Vatn og avløp er berekna etter sjølvkost, og det betyr at det er vi som brukarar som betaler. Molde kommune har i dag dei lågaste avgiftene i fylket. Om Midsund kommune skulle stå for dette åleine, ville vi hatt vesentleg høgare avgifter. ( Ein fordel at utgiftene blir delt med alle abonnentane i Molde Kommune og ikkje berre dei i Midsund)
Ny Brannstasjon
Ny brannstasjon skal byggast i Midsund og stå ferdig andre halvår i 2027. Dette vil føre til styrka beredskap, betre utstyr og bil med tank. Vi er fullt klar over at stasjonen vert finansiert gjennom eit IKS, men det er positivt at det skjer.
Midsund omsorgsdistrikt
Tilboda i Midsund omsorgsdistrikt har blitt oppretthalde, sjølv med eit overforbruk på til saman 20 mill. dei siste tre åra. Demenstilbodet på Solstua vart rett nok flytta til Råkhaugen. Brukarane får der tilstrekkeleg fagkompetanse etter behov. Den gamle Solstua (no Fjordstua vart omgjort til heildøgns bufellesskap. 5 kortidsplassar vart omgjort til 5 heiltids sjukeheimsplassar. Vi meiner det er betre at ein ved korttidsbehov får tenester i Molde og deretter ein varig plass i Midsund.
Midsund legesenter
Midsund legesenter er blitt eit godt legetilbod, der legar arbeider i ei turnusordning. Om du blir sjuk, kan du risikere å møte andre enn din fastlege, men alle har ein allsidig fagleg bakgrunn. I tillegg til gode tilbod i fysioterapi, psykisk helse, jordmortenester og helsestasjon.
Midsund bibliotek
Molde kommune har auka stillinga og opningstida ved biblioteket. Dette har blitt eit godt tilbod for alle aldersgrupper, ikkje minst for elevar i skulen.
Midsund frivilligsentral
Dette er eit nytt tiltak som har blitt ein brubyggjar mellom enkeltmenneske, frivillige lag/organisasjonar og det offentlege. Frivilligsentralen driv med mellom anna utstyrslån, seniorkafe, språkkafe, m.m..
Oppvekstsenter
Vi har fått eit unikt oppvekstsenter der både barnehage, skule, kulturskule, bibliotek. og idrettsanlegg er samla på eit lite område. Færre i barnehagealder gjorde det mogleg og forsvarleg å samle alle i Gjerde barnehage. Dette gir synergieffekt for både skule, barnehage, bibliotek og Midsund idrettslag. Cinderella Arena er open for gratis bruk mellom 09.00 -21.00 både kvardagar og helg så lenge han ikkje er i bruk av leigetakarar. Dette er eit unikt tilbod som blir sett stor pris på, også av besøkande i Midsund.
Fagkompetanse/kommuneplan
Vi har peika på fleire område der Midsund har kome godt ut i Molde kommune. Vi må heller ikkje gløymde kor viktig fagkompetanse er for å løyse forventningane innbyggjarane har i eit moderne samfunn, og som vi no har i ei større kommune. Ikkje minst gjeld dette no når ny kommuneplan er på beddingen. Den gamle kommuneplanen i Midsund er frå 1997, og det er på tide med ein ny for å utvikle midsundsamfunnet.
Vi er sjølvsagt klar over at ikkje alt har gått på skinner etter kommunesamanslåinga. Likevel saknar vi framsnakking. Å snakke ned Midsund, er det same som å snakke ned verdiane av eigedommane våre. Eit godt omdøme har vi alle eit ansvar for, Fokuser heller på verdiane våre som er prega av samhald, dugnad og med tru på lokal verdiskaping og næringsutvikling. Løft heller blikket og bli glad for at vi bur på ein fantastisk og livskraftig plass. Ta heller ein prat med ein ukrainar i nabolaget, og høyr korleis det står til.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal