Lågaste kakaoprisen på fleire år – professor trur det kan ta tid før sjokoladen blir billigare
Men professor trur ikkje leverandørane har det travelt med å sette ned prisane.
– Eg kjøper eigentleg berre sjokolade når det er på tilbod, seier Nora Kristiansen.
Når NRK treff ho på butikken har priskrigen før påske allereie starta.
– Eg synest prisen til vanleg er for dyr.
Dei siste åra har kakaoprisen vore svært høg, men er no på veg ned igjen. Om det gir lågare sjokoladeprisar for forbrukarane er ikkje Kristiansen sikker på.
– Min erfaring er vel eigentleg at når priser først har stige, så er det sjeldan at dei senkar prisane tilbake til den opphavelege prisen.
– Men eg håper!
Lågaste pris sidan 2023
Prisen på kakao blir sett på verda sine råvarebørsar.
I dag må ein ut med omtrent 3300 amerikanske dollar for eit tonn med kakao.
Det er ein pris som er meir enn 60 prosent lågare enn på same tid i fjor og nesten 75 prosent lågare enn da prisen var på sitt høgaste i april 2024.
Dei siste åra har kakaoprisen vore høg. No er prisen tilbake til same pris som i 2023.
Mellom anna Orkla har peikt på dei høge prisane på kakao som ei årsak til at laurdagskosen har blitt dyrare dei siste åra:
Dei som håper billigare kakao skal gje billigare sjokolade for forbrukarane kan derimot kanskje bli skuffa.
– Eg trur ikkje dei skal vere så forhåpningsfulle, seier Are Oust.
Han er professor i finansiell økonomi ved NTNU Handelshøgskulen
– Det kjem nok ein kampanje knytt til påska, men så blir det nok normale priser igjen etterpå.
Are Oust er ikkje sikker på at heile prisnedgangen kjem til å komme forbrukarane til gode.
Oust fortel at kakaoprisen dei siste åra har vore unormalt høg, men at han no er tilbake til der han var.
Prisnedgangen i kakao burde føre til at sjokolade blir billigare i butikken, seier han.
– Det korte svaret er at ja, det bør føre til lågare prisar.
– Så er det litt lengre svaret at det er enklare å synkronisere ein prisoppgang enn å få prisane ned igjen.
Professoren peiker også på at kakao berre er ein av fleire råvarer som må til for å produsere sjokolade.
Ein vanleg plate med mjølkesjokolade består av omkring 30 prosent kakao.
– I tillegg kjem arbeidskrafta, marknadsføring og alt mogleg anna som utgjer totalen av prisen produsenten tar når dei sel sjokoladen til butikkane.
– Så sjølve råvara kakao er nok berre ein liten del av totalprisen på ei plate sjokolade.
Professoren peiker mellom anna på at det er lite konkurranse i sjokolademarknaden.
– Det er eit såkalla duopol, seier Oust og peiker på at Nidar og Freia (Mondelez) er dei to store aktørane i marknaden, spesielt når det gjeld sjokoladeplater.
Han peiker på at prisane steig raskt da prisen på kakao steig.
– Men eg trur ikkje dei har det like travelt med å få prisane ned igjen.
– Eit prissjokk som vi har hatt kan bli brukt til å koordinere prisane opp til eit nytt nivå.
Oust trur ein kan vente noko av den same dynamikken som hos bankane når renta går opp.
– Det er litt det same som med bankar – dei er kjappe når rentene går opp, men ikkje like kjappe nå rentene skal ned, seier Oust.
Dei siste åra har sjokoladeprisane vore høge.
– Til jula 2026 ser det lovande ut
Christian Anton Smedhaug er dagleg leiar for Agri analyse.
Han fortel at også andre ingrediensar i sjokolade, som for eksempel mjølk har blitt billigare, samstundes som straumprisane har stabilisert seg.
– Så alt skulle tilseie at vi over tid vil sjå lågare priser.
Han fortel at produsentane som regel kjøper kakao på lengre kontraktar
– Det blir kjøpt på kontraktar på seks og tolv månader. Så framleis er det eit stort etterslep.
Dette trur Smedshaug vil gjere at det tar tid før prisane blir lågare for forbrukarane.
Dersom kakaoavlinga blir god i dei største eksportlanda, er sjansen god for at prisen på sjokolade blir lågare i løpet av året, trur Smedshaug.
– Til jula 2026 ser det lovande ut.
Priskrigen før påske er allereie i gang hos lågpriskjedene.
Peiker på daglegvarekjedene
– Vi synest professor Oust sin samanlikning med finansnæringa er noko underleg, seier Øyvind Olufsen.
Han er kommunikasjonssjef i Mondelez i Noreg og Danmark.
– Bankane er i direkte priskonkurranse mot kvarandre mot forbrukar. Dette gjeld ikkje i daglegvaremarknaden.
– Våre kundar er butikkjedene, og det er butikkjedene sjølv som sett hylleprisane og som vel sin marginstrategi. Vi konkurrerer dermed ikkje direkte på pris til forbrukar.
Det er daglegvarekjedene som er riktig mottakar for slike spørsmål, seier Olufsen.
Kakao er ein av fleire ingrediensar som må til for å produsere sjokolade.
Olufsen peiker også på at dei kjøper kakao på langtidskontraktar.
– Spotprisen frå dag til dag er dermed ikkje det mest relevante.
Også Nidar peiker på dei kjøper kakao på langtidskontraktar.
– Endringar i råvaremarknaden slår derfor ikkje nødvendigvis ut med ein gong, fortel kommunikasjonsdirektør i Orkla Snacks, Elisabeth Aandstad Ekheim.
– Vi har dessverre ikkje anledning til å gå inn på framtidige priser eller prisane vi gir våre kundar. Det er daglegvarekjedene som sett prisane i butikk.
– Tregleik i verdikjeda
– Påstanden om at vi ikkje har det travelt med å sette ned prisane, må stå for Oust si rekning, seier Knut Lutnæs i Coop Noreg.
NRK har vore i kontakt med Coop, Rema og Norgesgruppen som eig kjedene Kiwi, Spar, Meny, Joker og Nærbutikken.
Fleire av dei peiker på at det kan ta tid før forbrukarane får billigare sjokolade:
– Vi ser at råvareprisen på kakao fell og vi forventar at det vil påverke prisane vi får frå leverandørane framover.
Det fortel Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen.
– Det er ein tregleik i verdikjeda på når prisendringar treff oss og når dei treff forbrukarane.
Søyland fortel at dei alltid er i dialog med leverandørane når dei ser at råvareprisar fell. På grunn av konkurranselovgjeving kan ho ikkje seie noko om prisane i framtida, seier ho.