Herold

Paralympics 2026: Vilde Nilsen jaktar sitt første gull i Paralympics

Kilde: NRK Author: Åsne Margrete Kleiv Published: 2026-03-10 09:33:50 Last updated: 2026-03-10 12:21:07
I tårer etter fall: – Det er veldig kjipt akkurat no

Medan fire nordmenn tok seg vidare i langrennssprinten i Paralympics, fekk Endre Lykken det langt tyngre.

– Nei, eg veit ikkje eigentleg. Eg skulle skuva meg rundt svingen, og skia luggar. Eg gjer skyvet, og då får eg rotasjon med heile kroppen, og då har det berre gått til helvete eigentleg, seier ein tydeleg prega Endre Lykken.

Nordmannen datt rett før oppløpet i langrennssprinten, og tok seg ikkje vidare til semifinalar.

– Det var her Endre hadde sine beste moglegheiter. Frykteleg synd, seier NRKs ekspert Magnus Evenby.

Nordmannen kasta av seg stavane då han kom i mål.

Lykken deltek i sitt første Paralympics.

– Eg får berre lære av det, så er det berre veldig kjipt akkurat no, seier Lykken.

Langrennsløparen gret og tek seg gode pausar når han pratar med NRK.

– Korleis er det å få ein slik debut i Paralympics?

– Nei, det ... satsar på at eg blir fort ferdig med fall i kvart fall. Så nei, får berre lære av det, så er det berre veldig kjipt akkurat no.

Jaktar sitt første gull i Paralympics

Fire nordmenn tok seg vidare: Indira Liseth, Vilde Nilsen, Kjartan Haugen og Thomas Oxaal.

Nilsen, som enno manglar gull i Paralympics, blei slått av rival Natalie Wilkie i kvalifiseringa.

– Det er interessant synest eg. Me er vande med å sjå Vilde vinne klassisk-prologar, sa Evenby.

Nilsen var 0,27 sekund bak kanadiaren i mål.

– Kanskje det var ein kalkulert risiko? la Evenby til.

  • Følg finalane direkte her.

Nilsen har to sprint-sølv frå leikane i Beijing i 2022 og Pyeongchang i 2018. I Beijing var det Wilkie som tok gull på sprinten.

– Ho har ein utruleg statistikk på sprint. Så mogelegheitene er veldig gode, seier Evenby om Nilsen.

Nilsen har tre VM-gull frå distansen frå før. Sist gong var i Trondheim i 2025, då ho spurtslo nettopp kanadiaren.

Dramatisk semifinale

I semifinalen leverte Nilsen eit godt løp, og tok seg lett vidare til finale.

Like lett gjekk det ikkje for Kjartan Haugen. Han datt i den siste oppoverbakken, men klarte akkurat å hente seg inn.

– Eg sette staven på innsida av skia oppe i bakken, så det var dumt då, seier Haugen.

Han spurtslo Taiki Kawayoke, og er klar for finale.

– Eg gav ikkje opp. Eg visste eg hadde god glid nedover, så eg berre heiv meg over stavane, og det gjekk bra det, legg han til.

Også Thoomas Oxaal tok seg vidare til finale.

Indira Liseth hamna på ein 12. plass i den sittande klassa i prologen, ho tok seg ikkje vidare i semifinalen. Der blei ho nummer fem i sitt heat.

– Eg fekk gått mitt beste, så eg er veldig fornøgd, seier Liseth.

VIDARE: Indira Liseth tok seg vidare i kvalifiseringa.

🏷️ Extracted Entities (14)

Endre Lykken (person) Indira Liseth (person) Paralympics (entity) Vilde Nilsen (person) Kjartan Haugen (person) Langrenn 📁 (category) Magnus Evenby (person) Paralympics 2026 📁 (category) Beijing (place) Natalie Wilkie (person) Thomas Oxaal (person) Pyeongchang (entity) Taiki Kawayoke (person) Trondheim (place)

📊 Metadata

Category: Paralympics 2026, Langrenn
OpenGraph Title: Paralympics 2026: Vilde Nilsen jaktar sitt første gull i Paralympics
Twitter Title: Paralympics 2026: Vilde Nilsen jaktar sitt første gull i Paralympics