Herold

Flaggstrid: Regjeringa vert skulda for å kaste sjøfolka over bord

Kilde: NRK Author: Håvard Nyhus Published: 2026-03-10 11:14:02
Regjeringa opnar for statsstøtte til utanlandske skip

Regjeringa vil opne lommeboka for utanlandske skip. No går reiarlag og fagforeiningar saman i eit uvanleg opprør.

Saka oppsummert:

– Regjeringa sitt framlegg om å subsidiere skip utan norsk flagg møter sterk kritikk frå både fagforeiningar og politiske motstandarar. – Kritikarane meiner forslaget vil svekke det norske flagget og gje økonomiske insentiv til å flagga ut skip til land med svakare regelverk. – Sjøfartsdirektoratet åtvarar om at forslaget kan svekke den norske flåten og nasjonale interesser, særleg i ei uroleg verdssituasjon. – Regjeringa forsvarar forslaget med at det er nødvendig for å tilpasse seg EØS-retningslinjer og sikre at heile tilskotsordninga på 2,5 milliardar kroner ikkje blir kjent ulovleg. – Kritikken handlar om at ei «flaggnøytral» ordning kan gjera tilskotsordninga verdilaus for norske sjøfolk og reiarar. – Det nye regelverket skal etter planen tre i kraft 1. september 2026, men kampen om ordninga held fram i Stortinget.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

I dag bruker staten rundt 2,5 milliardar kroner i året på å favorisere skip med norske flagg i hekken.

Støtta blir overført til reiarlaga som seglar under norsk flagg og som garanterer for at dei tilsette får anstendig (les: norsk) lønn.

No seier regjeringa at ho ikkje har anna val enn å utvide ordninga til å omfatte også dei som seglar under utanlandskflagg.

Bakgrunnen er ein streng beskjed frå ESA om at EØS-reglane krev ein «flaggnøytral» ordning.

Og der kunne saka enda.

Men no har det som skulle vera ei teknisk justering for å blidgjera resten av Europa utvikla seg til ein politisk thriller.

Regjeringa sitt framlegg om å subsidiere skip utan norsk flagg møter massiv motbør.

– Ei vesentleg svekking av det norske flagget

I eit felles brev til dei folkevalde på Stortinget står LO og sjømannsorganisasjonane side om side med sin vanlege motpart, Noregs Reiarlagsforbund.

«Etter vårt syn inneber dette forslaget ei vesentleg svekking av rammevilkåra for det norske flagget og Noregs posisjon som maritim nasjon», skriv den nye alliansen.

Kritikken går ut på at forslaget ikkje berre likestiller utanlandske flagg med norske, men at det i somme tilfelle vil vera meir lønsamt å flagga ut til land med svakare regelverk.

Kva som står på spel

Tilskotsordninga for sjøfolk, ofte kalla nettolønsordninga, blei oppretta for at norske reiarar skulle ha råd til å tilsetja folk på norske lønsvilkår i ein knallhard global marknad. Ved å betala tilbake skatt og trygdeavgift til reieriet, vert norske sjøfolk konkurransedyktige.

Om denne potten no vert opna for skip under kypriotisk eller tysk flagg, fryktar næringa ein dominoeffekt: Skip flaggar ut, lærlingplassane forsvinn, og kompetansen som verfta og utstyrsprodusentane langs kysten lever av, tørkar inn.

I dag omfattar tilskotsordninga 14.000 sjøfolk og 650 skip som seglar under norsk flagg.

– Når norske flagg blir svekt, blir heile den maritime klynga svekt. Det betyr færre norske arbeidsplassar, mindre innovasjon og ein svakare beredskap, seier Knut Arild Hareide i Noregs Rederiforbund.

– Uforståeleg i dagens urolege verd

På toppen får regjeringa kritikk av sine eigne fagfolk i Sjøfartsdirektoratet.

I sitt høyringssvar skriv direktoratet at forslaget svekker den norske flåten ved å legge opp til ei ordning der det er økonomisk smartare å velja eit utanlandsk flagg enn det norske.

Stortingsrepresentant Marius Arion Nilsen (Frp) i næringskomiteen meiner regjeringa spelar hasard med nasjonale interesser.

Han peikar på at ordninga gir reiarar ein direkte økonomisk grunn til å forlate norske register.

– Regjeringa føreslår ei ordning som vil gi store økonomiske insentiv til å flagga ut frå Noreg, seier han.

– Det er uforståeleg i fredstid, men enda meir uforståeleg i dagens urolege verd.

– Dette svekker den norske flåten. Regjeringa undervurderer betydninga av norsk flagg og norsk maritim kompetanse, seier Marius Arion Nilsen.

– Dette er ein katastrofe for norske sjøfolk, seier Geir Jørgensen i Raudt.

– No må regjeringa sette seg på flyet til Brussel, snakke med EU og få dei nødvendige unntaka som vi treng for å vareta norske sjøfolk på norske skip. Eg synest at dette er veldig defensivt.

Jørgensen legg til:

– I verste fall kan dette ende med at vi skal subsidiere andre land med norske midlar. Det er heilt innlysande at dette må stoppast.

– Dette vil føre til at ein vatnar ut heile ordninga, stikk i strid med dei intensjonane som låg til grunn for at vi skulle ha denne ordninga. Vi veit at sjøfolk er svært utsett for sosial dumping, seier Jørgensen.

Regjeringa: – Regelverket må vere i tråd med EØS-retningslinjer

Regjeringa forsvarar forslaget og meiner kritikarane overser det viktigaste poenget:

Utan ei «flaggnøytral» ordning kan heile støtteordninga på 2,5 milliardar kroner forsvinne.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss kallar ordninga eit avgjerande verkemiddel. Ho peikar på at tilskota er hovudårsaka til at Noreg framleis er ein av Europas største sjøfartsnasjonar.

– Ved å opne ordninga for sjøfolk på fleire EØS-registrerte skip bringar vi regelverket i tråd med gjeldande EØS-retningslinjer, seier ho på regjeringa sine eigne nettsider.

– Samtidig er det avgjerande at ordninga framleis har ei tydeleg norsk forankring og bidrar til å sikre maritim kompetanse og sysselsetting i Noreg.

Her er dei viktigaste punkta i forslaget:

Utviding til EU/EØS-flagg:Den største endringa er at ordninga blir foreslått utvida til å omfatte sjøfolk på skip registrert i alle EU/EØS-land, ikkje berre skip i dei norske registera NOR og NIS. Dette blir gjort for å oppfylle EUs krav om at slike støtteordningar ikkje skal diskriminere mellom flagg i den indre marknaden.

Bevaring av norsk tilknyting:Sjølv om skipet kan ha eit anna EØS-flagg, blir det framleis stilt krav om at sjøfolka må ha ei sterk tilknyting til Noreg. Dette inneber at dei må vere skattepliktige til Noreg og/eller betale trygdeavgift her. Reiarlaget må også vere registrert i det norske føretaksregisteret.

Tydeleggjering av formål: Regjeringa ønsker å presisere at hovudmålet av ordninga er å bevare maritim kompetanse og sikre rekruttering av sjøfolk.

Tidsplan: Den nåverande ordninga er mellombels forlengd fram til 1. september 2026.

Det nye regelverket er planlagt å tre i kraft frå same dato (1. september 2026) etter at ESA har gitt den endelege godkjenninga si for ein ny tiårsperiode.

Høyringsfristen for forslaga er 16. mars 2026.

– Det er avgjerande at ordninga framleis har ei tydeleg norsk forankring og bidrar til å sikre maritim kompetanse og sysselsetting i Noreg, seier Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Kampen flyttar seg no til Stortinget.

Der regjeringa meiner dei reddar ordninga, svarer fleire av dei folkevalde at «redninga» gjer ordninga verdilaus for norske sjøfolk.

– Regjeringa har hatt lang tid på å finne ei løysing i tråd EØS-avtalen, som held oppe norsk konkurransekraft, seier Bård Ludvig Thorheim (H).

– I staden skaper dei uvisse for ein av Noregs store eksportnæringar. No må regjeringa komme med eit nytt forslag som Høgre og Stortinget kan stille seg bak.

Det nye regelverket skal etter planen gjelde frå 1. september 2026.

🏷️ Extracted Entities (32)

EØS (entity) Noreg (entity) Stortinget (entity) Fiske og havbruk i Sogn og Fjordane 📁 (category) Næringsliv 📁 (category) Næringslivet i Vestland 📁 (category) Politikk 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Samfunn 📁 (category) Samfunnsliv 📁 (category) Samfunnssikkerhet og beredskap 📁 (category) Sikkerhet til sjøs 📁 (category) Sjøtransport 📁 (category) ESA (entity) Europa (entity) Geir Jørgensen (person) Marianne Sivertsen Næss (person) Brussel (entity) Fiskeri (entity) Høgre (entity) KI (entity) Knut Arild Hareide (person) LO (entity) Marius Arion Nilsen (person) NIS (entity) NOR (entity) Noregs Rederiforbund (person) Noregs Reiarlagsforbund (organization) OpenAI (entity) Regjeringa (entity) Sjøfartsdirektoratet (entity) Stortingsrepresentant Marius Arion Nilsen Frp (organization)

📊 Metadata

Category: Sjøtransport, Næringsliv, Næringslivet i Vestland, Sikkerhet til sjøs, Fiske og havbruk i Sogn og Fjordane, Politikk og samfunn, Samfunnssikkerhet og beredskap, Samfunn, Samfunnsliv, Politikk
OpenGraph Title: Flaggstrid: Regjeringa vert skulda for å kaste sjøfolka over bord
Twitter Title: Flaggstrid: Regjeringa vert skulda for å kaste sjøfolka over bord