Herold

Robust oppvekstplan – Færder -50

Plus
Kilde: TB Author: Tord Bukve, Arkitekt, Teie, Nøtterøy. Published: 2026-03-09 15:40:07
Robust oppvekstplan – Færder -50

Det er gledeleg at debatten om ny oppvekstplan for Færder kommune har endra seg frå kun å handle om ein skal legge ned Torød skole og Tjøme ungdomsskole til ein meir overordna og langsiktig debatt.

Politikarane (Høgre og Venstre spesielt) burde vere takksame for at så mange kloke hovuder i kommunen har berika kunnskapsgrunnlaget (450 høyringsinnspel), ikkje gå rett i forsvarsposisjon med å beskylde innspelene for å mistru administrasjonen.

Om ein offentleg høyring skal skape reelt eigarskap til vår felles framtid (derav robust), er dette ikkje eit debatt om kven som har rett eller ikkje. Dette er ein debatt som treng å grundig belysast for å skape ein robust, langsiktig og tverrpolitisk oppvekstplan, ikkje ein ny døgnfluge av eit vedtak som kun står seg til neste kommunevalg. Færder -30 er kun eit delmål, Færder -50 er ein langtidsplan.

Rektor på Føynland blir ringt opp av foreldre på flyttefot: – Er dette en «iPad»-skole?

Ta tak i utfordringene

Ein robust oppvekstplan må ta utgangspunkt i den Færderskolen og Færderhagen (Færderbarnehagen) me ønsker for barna våre i dag, i morgon og i framtida. For å oppnå dette må ein ta utgangspunkt i dei faktiske forholdene og størrelsane på formålsbyggene.Samtidig må ein definere kva ein god Færderskole og Færderhage skal innehalde av rom og funksjonar som tar tak i samfunnsutfordringane me ser i dag med fråfall frå skulen, utanforskap, mobbing, lese- og skrivelyst. Det er nettopp her oppvekstplanen kjem for kort, då den har ingen konkret – felles – definisjon av rom og funksjonar som kan skape ein god Færderskole og Færderhage.

Skolestriden i Færder splitter politikerne: AP vil frede Torød og Tjøme – Venstre sier nei

For Færderskolen kan ein starte med ein skule som har arealer i tråd med minstekravene til Helsedirektoratet, tilfredsstiller kravene til dagslys, luftkvalitet og lyd, samt konkrete målbare areal som:

* Færderskolen skal innehalde rom for mat og helse, bibliotek, eigen SFO-base, musikk, sløyd, naturfag, kunst og håndverk og «makerspace» – disse rommene gir økt lærelyst og kan motvirke fråfall på lang sikt.

* Færderskolen skal ha fokus på Fysisk Aktiv Læring ved å bygge uteavdelinger/gapahuker som gir lågare terskel for å ha uteskule (barnas ønske etter medvirkningsrunden på Teie og Teigar skole).

* Færderskolen skal ha både varierte klasserom, grupperom og fellesrom med dagslys

* Klasserom skal ha 2 m² per barn, 6 m² til lærar og 3 m² til vask og skap.

* Alle barn skal ha sin eigen garderobeplass med min 30cm bredde – trange garderobar er grobunn for mobbing.

Punktene er berre eit lite utdrag av det som burde konkret definerast, og det er vanleg å definere dette i eit kunnskapsgrunnlag for å berekne kapasitet – berre sjå til samanliknbare kommunar som Kongsberg.

Sebastian (15) og medelevene mangler helsesykepleier: – Det er ikke bra

Reell størrelse

For Færderhagen må ta utgangspunkt i dei faktiske størrelsane i barnehagane, ikkje belage seg på å benytte korridorer som leikeareal, ikkje ha nok eller eigen garderobeplass til barna og sjølv om uteavdelingane (på Teiehøyden) har vore eit fantastisk tilskudd, må barna ha plass inne i barnehagen også. På bakgrunn av dette har undertegna prøvd å sammenstille både offentlege og private barnehagar i kommunen, sett i samanheng med kommuneplanens arealdel (vedtatt i 2023 – virkning til 2035), om dei er definert som område- eller lokalsenter.

Dei faktiske tallene i tabellen er ein samanstilling frå kunnskapsgrunnlaget, kommunens heimesider, dei private barnehagane sine heimesider og samanstilt ved hjelp av KI. Private barnehagar er i all hovudsak offentleg finansiert (opp mot 90 prosent av drift + bygg), noko som gjere det viktig å sjå disse i samanheng med offentlege når ein skal vedta ein langtidsplan for oppvekstsektoren. Det er avvik mellom plassar oppgitt på kommunens heimesider og plassar oppgitt i kunnskapsgrunnlaget, noko som på Teiehøyden barnehage skapar reell bekymring, då det til hausten 2026 skal inn ein ny avdeling, sjølv om alle garderobeplassar og avdelingsrom er i bruk i dag.

Hannah og lærerne på Lindhøy skole tar bladet fra munnen: – Nok er nok

Kvar denne ekstra avdelingen faktisk skal ha sin fysiske plass i barnehagen (som er i tråd med lovkravene) er ikkje endeleg bestemt. Samtidig viser tabellen at det er stor restkapasitet på Brattås og Lindhøy barnehage, noko som skulle tilsei at ein kunne vedta å legge ned Læringsverkstedet Randineborg barnehage, og på den måten oppnå innsparingsmålet til heile oppvekstsektoren, utan andre tiltak.

For å oppnå ein heilheitleg oppvekstplan for Færder -50 treng vi at alle steinar snuast, både offentlege og private. Den må reflektere dei faktiske forholdene og størrelsane for å skape eit faktagrunnlag som ikkje kan tolkast ulikt av høgre- og venstresida i politikken. Me treng at kommunen prioriterer område- og lokalsentrene, då dette skapar ein rød tråd i dei politiske vedtakene, på tvers av alle sektorane i kommunen. La oss ta ein fot i bakken, lage ein robust oppvekstplan og saman skape den framtida alle barna våre fortjener.

🏷️ Extracted Entities (19)

Færder (entity) Færderhage (entity) Færderhagen Færderbarnehagen (organization) Færderskole (entity) Færderskolen (entity) Lindhøy (place) Teiehøyden (entity) Tjøme (entity) Torød (entity) Brattås (place) Føynland (place) Helsedirektoratet (entity) KI (entity) Læringsverkstedet Randineborg (organization) Politikarane Høgre (person) SFO (entity) Teie (entity) Teigar (entity) Venstre (entity)