Herold

Ikkje grunnlag for avrøysting - saka om Solvorn oppvekstsenter må leggast vekk

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Monica Vedvik med fleire, på vegner av aksjonsgruppa for Solvorn oppvekstsenter og bygdeidentiteten i Luster Published: 2026-03-09 09:19:01
Ikkje grunnlag for avrøysting - saka om Solvorn oppvekstsenter må leggast vekk

Først og fremst slår Opplæringslova fast at elevane har rett til å gå på skule i sitt nærmiljø, det såkalla nærskuleprinsippet. Ei fråviking av dette prinsippet fordrar ei grundig saksutgreiing. Det er eit generelt forvaltningsprinsipp at ei sak skal vere forsvarleg kartlagt før ei avgjerd ligg føre. I ei sak om skulenedlegging betyr dette at kommunestyret skal ha rimeleg god kjennskap til synspunkta til alle som vert råka av ei eventuell nedlegging før vedtaket vert fatta i kommunestyret.

I denne saka har «Barnas beste - perspektivet» vore utgangspunktet for ei utgreiing og ein høyringsprosess. Etter formannskapsmøtet den 28. januar er premissane endra, attpåtil er det også uttalt at det ikkje berre er oppvekstsenteret i Solvorn som skal sjåast nærare på, men heile skulestrukturen i Luster kommune. Likevel uttaler ordføraren at tilrådinga om nedlegging av Solvorn oppvekstsenter står ved lag, dei treng berre eit breiare saksgrunnlag. Dersom premissane for ei skulenedlegging blir endra, så føresett det i så fall ei ny høyringsrunde, der alle partar får kome med sine synspunkt til argumenta som no ligg til grunn for ei eventuell avvikling av Solvorn oppvekstsenter. Og dersom det er rett at heile skulestrukturen skal vurderast på nytt, så fører det i sin tur til at innbyggarane i alle skulekrinsar i Luster kommune skal få moglegheit til å skrive sine høyringssvar.

I eit intervju rett etter møtet i formannskapet den 28. januar, seier ordføraren «at det ikkje nødvendigvis er snakk om ein ny debatt om skulestruktur, eller at fleire skular skal leggast ned, men at det hadde vore dumt av oss å ta ei flis no, og ei flis litt seinare og kanskje ei tredje flis».

Så då blir spørsmålet. Kva meinte eigentleg ordføraren her? Det eine må vel utelate det andre, og er dette i så fall ei form for dobbelkommunikasjon? Det kan nesten høyrest ut som ei forsnakking om at det kanskje er ein strukturdebatt i emning likevel? Ernst Veum stilte også direkte spørsmål i formannskapsmøtet om det nye framlegget innebar ein ny skulestrukturdebatt i Luster kommune, noko ordføraren bestemt avviste.

I eit innlegg i Sogn Avis den 30. januar, seier Asbjørn Nes at fleire leiande politikarar meiner at vi i Luster berre skal ha to barneskular og ein ungdomsskule. Då er det god grunn til å spørje seg om Solvorn oppvekstsenter berre er det første i rekka av oppvekstsenter i kommunen som står for fall, og om ordføraren kan avkrefte eller stadfeste dette?

I høyringsnotatet om Solvorn oppvekstsenter, som er utarbeidd av administrasjonen, legg dei til grunn at det vil bli nedgang i elevtalet i Hafslo krins på alle trinn dei kommande fire åra. Parallelt med dette blir det lagt til rette for totalt 150 barnehageplassar på Hafslo. Noko som syner at administrasjonen har tatt høgde for ei formidabel auke i veksten av barnefamiliar i åra som kjem. Så seint som i november 2025, var det eit oppslag i Sogn Avis om at byggjefeltet i Botn har vore ein stor suksess. Det er planar om vidare utvikling av feltet, fortetting i sentrum og «Gamlestova» blir også nemnt som potensiale for ytterlegare vekst. Likevel er det altså vi som innbyggarar som må påpeike samanhengen mellom kapasiteten ved Hafslo barne- og ungdomsskule og den formidable veksten i elevtal som vil kome i nær framtid.

Politikarane ba administrasjonen om å legge fram eit breiare datagrunnlag, før saka på ny skal handsamast i formannskapet den 11. mars. og konklusjonane i tilleggsnotatet er at «estimert tilflytting er ei vanskeleg øving, ikkje minst på krinsnivå. Det nærmar seg spådom». Statistikk er ikkje meir påliteleg enn talmaterialet som blir lagt til grunn, men kan vere eit påliteleg verktøy dersom relevante faktorar blir tatt med i analysen. Ei slik utgreiing som administrasjonen konkluderer med er lite tillitsvekkande og ein kan stille seg spørjande til om det også er andre vesentlege opplysningar som er utelatne?

Vi veit at det i byggesteg ein er bygd 130 bueiningar i Botn som er skreddersydd for barnefamiliar, og der dei fleste er selde til familiar med minst eit barn. Pr. dags dato er det 220 elevar ved Hafslo barne- og ungdomsskuleskule. Medrekna elevar frå Solvorn, er elevtalet oppe i 237. Då har skulen rom for 28 elevar til. Når ein legg denne kunnskapen til grunn, vil eit enkelt estimat vise at skulen vil få sprengt kapasitet i nær framtid.

Elevtala for Solvorn oppvekstsenter derimot blir i tilrådinga framstilt som svært robuste. Men kor mykje skulen vil vekse i framtida er eine og aleine styrt av politikarane. I tilrådinga vert det også vist til andre oppvekstsenter i Luster kommune som har lukkast med å skape vekst ved skulane, og dette skjedde nettopp fordi det vart lagt til rette for utbygging. I arealplanen som no er lagt ut på høyring, er bustadfelt i Solvorn lagt inn i planen, og det ligg såleis til rette for å auke innbyggartalet også her. Ei nedlegging av Solvorn oppvekstsenter vil sette ein effektiv stoppar for tilflytting og fjerne grunnlaget for framtidig vekst.

Førestillinga om at store skular er betre enn små skular har vore prøvd dokumentert i ei årrekke, men så langt har ingen lukkast med å slå fast ein samanheng. Likevel kan vi peike på nokre faktorar som er godt dokumentert; I følgje Utdanningsdirektoratet syner Elevundersøkingane at mindre distriktsskular ofte skårar høgast på trivsel og motivasjon blant elevane. Motsett syner forsking at fulle klasserom og høgt elevtal er identifisert som ein risikofaktor for eit negativt psykososialt miljø og at større klassar fører til meir støy og bråk. Store elevgrupper kan føre til fleire konfliktar, færre sosiale interaksjonar og redusert rom for å bygge gode relasjonar. I fulle klasserom gir det mindre tid til kvar enkelt elev, noko som gjer det utfordrande for læraren å fange opp og legge til rette for den enkelte.

Slik konsekvensane er skissert og lagt fram i høyringsnotatet og sett i lys av høyringssvara, er det vanskeleg å forstå korleis administrasjonen har kome fram til ei slik tilråding. Argumenta som stør opp under å behalde oppvekstsenteret er systematisk sett vekk i frå. Når ikkje folketalsveksten ved Hafslo krins er teke med i vurderinga og anna vesentleg informasjon som manglande møteplassar, manglande gatelys og manglande gangvegar heller ikkje er nemnt, så framstår saksutgreiinga som lite truverdig. Den bratte og smale Solvornvegen, som vil vere hovudtrase for skulebussen, er verken trygg eller eigna for mjuke trafikantar. Den auka trafikken som vil kome som følgje av verdsarvssenterert er heller ikkje nemnt. Å vente på skulebussen langs hovudvegen vil utgjere ein stor risiko, då vegen er svært trafikkfarleg med liten plass til både buss og skuleelevar. At dei trafikale tilhøva langs Solvornvegen ikkje ein gong er nemnt i saksutgreiinga, framstår som lite tillitsvekkande og svekkar grunnlaget for tilrådinga.

Dersom premissa no er endra til at ei nedlegging handlar om økonomi, så kan for det første ein skule ikkje bli lagt ned på bakgrunn av eit budsjettforslag. I tillegg fordrar det ein ny høyringsrunde der dei som blir råka av eit eventuelt vedtak får kome med sine innspel og analyser av kva dette vil medføre for lokalsamfunnet. Avslutningsvis vil vi støtte Asbjørn Nes i sine påstandar om at det er andre område der kommunen kan gjere vesentlege innsparingar, som til dømes den utstrekte bruken av spesialundervisning i Luster kommune, som er langt over landsgjennomsnittet.

Kort oppsummert må dette, som følgje av endra føresetnadar og mangelfullt saksgrunnlag, medføre at saka om nedlegging av Solvorn oppvekstsenter vert lagt vekk. Kommunestyret kan ikkje røyste over saka slik ho no ligg føre. Til det har premissane endra seg i altfor stor grad.

Held politikarane i Luster det dei lovar?

🏷️ Extracted Entities (11)

Solvorn (entity) Hafslo (entity) Luster (entity) Asbjørn Nes (person) Botn (entity) Solvornvegen (entity) Elevundersøkingane (entity) Ernst Veum (person) Gamlestova (entity) Opplæringslova (entity) Utdanningsdirektoratet (entity)