Varslar permitteringar
Plus
Situasjonen i Midtausten kan få følgjer for HMR Hydeq.
Det melder Porten måndag ettermiddag.
Dagleg leiar Svein Ove Jørgensen stadfestar til nettavisa at det er sendt ut permitteringsvarsel til dei tilsette i selskapet. Årsaka er krigen mellom Iran, Israel og USA.
Nabolandet Qatar er kraftig råka av krigen. Der held aluminiumsverket Qatalum til, som Hydro er deleigar i. HMR Hydeq produserer tappevogner til Qatalum. Aluminiumsverket er ein av deira største kundar.
– Ingen dramatikk
I byrjing av mars vart det sett i verk ei kontrollert nedstenging av aluminiumsproduksjonen ved Qatalum grunna mangel på naturgass i landet.
– Ettersom dei har bestemt å stengja ned produksjonen i løpet av mars, vil det ha ein påverknad for oss, fortel Jørgensen til Porten.
Det er snakk om eit generelt varsel om permittering. Ingen av dei 85 tilsette er førebels permitterte.
– Me vurderer fleire tiltak. No prøver me å kartleggja situasjonen, og på bakgrunn av det så valde me å senda ut eit generelt permitteringsvarsel. Det er ingen dramatikk anna enn at situasjonen er uoversiktleg, seier Jørgensen.