Visjonen for skulane i Rana bør vera at dei fortsatt skal vera ein del av lokalmiljøet
Plus
Det er sjølvsagt ein lettelse at posisjonen i kommunestyret no seier dei ikkje vil legga ned skular i inneverande periode. Det gir – til ein viss grad – ro for framtida i livskraftige lokalmiljø i kommunen vår. Stor takk til alle som har engasjert seg med saklege, grundige og faglege argument mot den planlagde nedlegginga! Og stor takk til dei kommunepolitikarane som lytta til argumenta og sa frå inn i sine eigne parti at ein var på feil kurs!
I meldinga frå Rana Ap-leiar Frøysa på vegne av Ap/H/SV/V manglar det imidlertid spor av kva ein vil gjera no. Vi sat samtlege parti før valet – både i 2019 og 2023 – på skulen på Storforshei og var hjartans samde i at det var akutt behov for å gjera noko der. Men har det skjedd noko? To heile kull har gått ut av ungdomsskulen med ei same slitne forholda – med sine lærarar. Vil Frøysa at det fortsatt skal vera slik, eller ein ein villig til å bruka midlar slik ein såg det var naudsynt rett før valet? Det er ingen tvil om at det skal vera skule på Storforshei, så det er ingen grunn til å utsetja det arbeidet. Eller er det tvil hjå Ap/H/SV/V om det?
Skular kan bli endra, men skular er ein del av eit lokalmiljø. Visjonen for skulane i Rana bør vera at dei fortsatt skal vera ein del av lokalmiljøet. Visjonen bør vera at elevane i størst mogeleg grad skal kunna gå til skulen sjølv, buss – eller foreldre som vil køyra – må vera unntaket. Det er slik folk vil bu. Det er slik Rana blir ein attraktiv kommune. Det er slik vi skaper trivsel i heile kommunen. Går det an å arbeida i lag med FAU og bygdelag? Vi har no sett kor mykje energi og engasjement det finst. Kan det brukast til å laga ei betre ramme rundt skulen? Kven veit, kanskje det blir både meir trivsel, betre læring og rimelegare drift av det.
Og til slutt ein draum eg har: Visjonen min er at når Mo U ikkje lenger treng to bygg så kan Moheia bli eit kulturhus med plass til aktivitet, lagring og ein sal for både ferske kulturutøvarar og verdig for musikantar i nasjonal toppklasse, les: Mo Hornmusikk.