Herold

Tidlegare kulturskulelærar kjem tilbake med band for å halda kyrkjekonsert

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Jonn Karl Sætre Published: 2026-03-08 09:00:00
Tidlegare kulturskulelærar kjem tilbake med band for å halda kyrkjekonsert

Laurdag 21. mars kjem Jon Martin Skauge med band til Varaldsøy kyrkje for å halda konsert.

Skauge var gitarlærar ved Kvinnherad kulturskule i ein periode på tre år for nær 20 år sidan. I seinare tid er han nok mest kjend frå bandet i NRK-programmet «Nystemt i Nøsteboden» med Rune Larsen og Tor Endresen. Programserien vart avslutta i 2025 med «Nystemt til jul».

I ei pressemelding om konserten får vi vita at Skauge har vist at han også står solid på eigne bein som låtskrivar på nynorsk. I fjor hadde han suksess med kyrkjekonserten «Dag for dag» som no kjem til Varaldsøy kyrkje.

Med seg har han eit knippe dyktige musikarar: Svein-Tore Hindenes (piano), Espen Vågstøl (slagverk) og Egil Skjelnes (steelgitar). Sistnemnde er frå Varaldsøy, har gitt ut soloplater og er ein mykje brukt studiomusikar som mellom anna har bidrege på plater med Cato Sanden, Olav Stedje, Headin’ West og mange fleire.

Pressemeldinga lovar at Skauge kjem med sin ujålete, ærlege og humoristiske stil. Vidare at songane fortel om levd liv, og at dei får fart på både smileband og tårekanalar.

🏷️ Extracted Entities (13)

Jon Martin Skauge (person) Varaldsøy (place) Cato Sanden (person) Egil Skjelnes (person) Espen Vågstøl (person) Headin’ West (organization) Kvinnherad (entity) NRK (entity) Nystemt i Nøsteboden (entity) Olav Stedje (person) Rune Larsen (person) Svein-Tore Hindene (organization) Tor Endresen (person)