Benedichte og Anette jobbar med eit heilt nytt tilbod: – Det er draumejobben
Plus
Benedichte Indergård Sandvik og Anette Hjelmeland Bauge er godt i gang med det første året med fritidskortet i Kvinnherad.
Fritidserklæringa i Vestland seier at «alle barn og unge skal kunna delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet i lag med andre».
Det er også dette Benedichte Indergård Sandvik og Anette Hjelmeland Bauge i Kvinnherad frivilligsentral arbeider med å leggja til rette for.
– Livet skjer
Gjennom fritidskortet kan barn og unge i alderen 6–18 år, som av ulike økonomiske grunnar har behov for støtte, få inntil 4.000 kroner i året til medlemskontingent og treningsavgift.
– Dette handlar om å auka inkluderinga. Om ikkje økonomien strekk til, så skal fritidskortet vera ei støtteordning som skal inn og bidra. Økonomien skal ikkje vera eit hinder for at barn og unge skal kunna delta i aktivitetar, seier Benedichte.
Ordninga skal dekka breitt, og er ikkje berre for dei som har dårlegast råd.
– Det skal òg vera med på å letta trykket om det knip på økonomien. Ingen skal føla at dei må prioritera vekk aktiviteten til barnet fordi økonomien ikkje strekk til, seier Benedichte før Anette skyt inn:
– Det er ei raus ordning som tilbyr støtte til 20 prosent av målgruppa, der mange andre normalt legg seg på eit nivå der dei tilbyr støtte til 10-12 prosent. Livet skjer og det kan vera mange grunnar til at ein har behov for hjelp frå ei ordning som fritidskortet.
Dette er fritidskortet
Utstyr på sikt
Fritidskortet er politisk vedteke og vert rulla ut i Kvinnherad for første gong i år. Difor har Anette og Benedichte jobba mykje med å få informasjon ut til ulike instansar, skular og lag og organisasjonar.
– Det har vore ein krevjande startprosess. Det tar tid å få det implementert, og vi er ikkje i mål endå. Vi veit også at det kanskje er nokon som hadde hatt behov for det, men som allereie har betalt rekningane for i år. Men vi dannar grunnlaget i år og gjer det vi kan for at flest mogleg skal få den hjelpa dei treng. Vegen blir til etter kvart. Og er det nokon som lurer på noko så er vi tilgjengelege. Det er berre til å ta kontakt, seier Benedichte.
Ordninga dekkjer i dag berre medlemskontingent og treningsavgift. Men på sikt håpar dei to at det skal bli utvida.
– Per no er ikkje støtte til utstyr ein del av prosjektplanen, men vi registrerer at mange har utfordringar med å dekka kostnadane til utstyr. Vi vil ta med oss desse synspunkta i møte med levekårsutvalet, og eventuelt vurdera om vi på sikt kan få til ei ordning der vi også kan bidra på utstyrsfronten, seier Anette.
Dei peikar vidare på at Bua har utstyr til låns for dei som treng det. Og slår også eit slag for å vera eit godt medmenneske.
– Det er ikkje alle som har moglegheit til å bli køyrd, og som difor slit med å koma seg på aktiviteten sin. Det kan vera eit hinder. Og det er ofte slik at folk har nok med sitt, det er jobb, middag og så ut. Men eg vil oppmoda folk til å ha eit blikk rundt seg, er det nokon ein kan plukka opp på veg til trening som treng det? Det er ein fin form for inkludering, seier Benedichte.
– Draumejobben
I arbeidet så langt har dei to damene blitt godt kjende med lagslivet i Kvinnherad.
– Det er mykje som rører seg der ute, og det er utruleg mange flinke folk som stiller opp som frivillige og får hjula til å gå rundt. Det er fantastisk å sjå. Og dei er alle så velvillige og tolmodige, fortel Benedichte.
– Korleis har det vore å jobba med dette så langt?
– Det har vore travelt. Men det er jo draumejobben. Du merkar på folk kor mykje det lettar på byrda i kvardagen når dei får godkjent søknaden. Det er veldig givande å vera med på. Og sjølv om det er trist å høyra på utfordringar folk kan ha, så er det alt i alt ein veldig lystprega jobb, seier Benedichte. Slik søkjer du
Det er Anette einig i.
– Heilt klart. Det å få jobba for å få barn og unge ut i aktivitet, vera sosiale og at dei skal føla på ei tilhøyrsle, er utruleg givande. Ikkje minst er det veldig viktig. Eg stortrivst, seier ho.
Så langt har dei fått 17 lag og organisasjonar med i ordninga. 54 barn og unge har oppretta profil på Friskus, og 22 søknadar er komne inn og blitt godkjende.
– Alt går gjennom Friskus. Og vi jobbar for at alle lag og organisasjonar skal tilby støtte via fritidskortet. Er det nokon som manglar er det berre til å ta kontakt med oss. Er det nokon som vil ha hjelp til å laga seg brukar eller har spørsmål om noko, så er det også berre til å kontakt. Vi er her, seier Benedichte.